Støtte til FoU-prosjekt

Tilskott til industriell forsking og eksperimentell utvikling. Løpande søknadsfrist.

Framgangsmåte og handsaming av søknader

  1. Ta kontakt med ein av kompetansemeklarane for vurdering av ordninga
  2. Ta kontakt med VRI4 prosjektleiaren for skjema for prosjektskildring
  3. Få hjelp av kompetansemeklaren til å skaffe forskar / FoU-miljø
  4. Start arbeidet med å lage ein prosjektplan
  5. Send planen til VRI4 prosjektleiar, som saman med arbeidsgruppa vil førehandsgodkjenning av  søknaden
  6. Opprett søknad på «mitt nettsted» hjå Forskingsrådet og send inn søknad saman med utfylt søknadsskjema på nettsida: FORREGION
  7. Fortlaupande endeleg handsaming av arbeidsgruppa og Forskingsrådet
  8. Dersom du får innvilga støtte, vil du få tilsendt eit tilsegnsbrev
  9. Start opp prosjektet

Tilbod og målgrupper

  • Frå kr 100.000 til kr 200.000 som bagatellmessig støtte
  • Støtta kan dekka inntil 50% av prosjektkostnadane
  • Prioriterte næringar er energi, landbruk, sjømat og reiseliv
  • Bedrifter i verdikjedene og teknologileverandørar kan søkja.

Støtte til to typar FoU-prosjekt

Du kan få støtte til FoU-prosjekt av type industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Det er lurt å ta FoU-startpakken fyrst.

VRI4 trinnvis modell for utvikling viser på ein enkel måte skilnaden mellom dei to prosjekttypane (figuren). Sentralt i modellen er TRL-skalaen (TRL = Technology Readiness Level).


VRI4 - Trinnvis utviklingsprosess trinn 2-8

Industriell forsking (TRL2-4) blir som regel utført av forskarar i laboratorium eller anna kontrollert miljø. Typisk er å utvikla og testa nye teknologikonsept og utprøving av teknologi prototypar. Kunnskapen skal takast med vidare i prosessen, om tilrådinga er å gå vidare.

Eksperimentell utvikling (TRL5-8) bygger typisk på kunnskap frå industriell forsking. Blir som regel utført under realistiske forhold. Vanleg ved utvikling av prototypar og pilotar for testing, optimalisering og demonstrasjon, og for å ferdigutvikla nye produkt, nye tenester eller nytt i produksjonsapparatet. Siste trinn er dokumentasjon og sertifisering (TRL8).

VRI4 retningslinjer og sjekkpunkt

  1. Prosjekta skal vera innafor VRI4 sine prioriterte satsingar, som er fornybar energi, landbruk, reiseliv og sjømatnæringar, og som kan koma desse næringane til gode.
  2. Prosjektet skal vera forankra i ein eksisterande produksjon eller i ein ny produksjon som kan bli oppretta som ei følgje av innovasjonen.
  3. Søkjarane kan vera bedrifter i verdikjedene, eller teknologileverandørar til desse.
  4. Ved fleire partnarar vil søkjar og prosjektansvarleg, uansett ta i mot all støtte.
  5. Om nettverk søkjer, må ei bedrift ta på seg ansvaret med å vera prosjektansvarleg.
  6. Søknadsskjema skal vera fullstendig utfylt på ein tilfredsstillande måte.

Søknadsmalar til nedlasting

Forskingsrådet sine retningslinjer for utlysinga

Det er Forskingsrådet program FORREGION som skal gi sluttvurdera søknadane og gi støtte eller avslag. Forskingsrådet har fylgjande seleksjonskriterium og vurderingskriterium. Ta kontakt med VRI4 om du er usikker.

Om utlysninga

Bedrifta må ha ein ambisjon om at arbeidet skal føre til vidare arbeid med forsking eller samarbeid med forskingsinstitusjonar. Forprosjektet bør vera ei førebuing til å delta i andre finansieringsordningar for forsking, slike som regionale forskingsfond, Forskningsrådet sine innovasjonsprogram, SkatteFUNN eller EUs Horisont 2020.

Korleis søkja? 

Du tek kontakt med VRI4/FORREGION eller ein kompetansemegler i fylket der bedrifta er lokalisert. Fylkeskommunen har ulike prioriterte satsingsområde og desse legg føringar for kva bedrifter som kan søkja. Kompetansemeklarane kan gi råd om utforming av prosjektet og hjelpa med å finne aktuelle forskingsmiljø for prosjektet. 

Etter dialog med fylkeskommunen opprettar du en søknad via denne utlysningen.

Om fylkeskommunen ikkje blir kontakta fyrst, kan søknaden bli avvist. Utlysinga er berre på norsk.

Kven kan søkja?

Bedrifter med liten forskingserfaring, som arbeidar med å utvikle nye produkt, prosessar eller tenester, og som har etablert ein utviklingsprosess som treng FoU.

Kven kan ikkje søkja?

Bedrifter som er eller har vore prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskningsrådet, Regionale forskingsfond eller EU sine forskingsprogram, dei siste fem år, blir rekna som erfarne FOU-bedrifter i denne samanheng, og kan ikkje søkja.

Krav til prosjektansvarlig

Bedrifta som søker er prosjektansvarleg. Administrativt ansvarlig er den personen hjå bedrifta som har fullmakt til å representere og forplikta organisasjonen i høve Forskningsrådet.

Krav til FoU-partner

Forskningsrådet har laga ein definisjon og ei avgrensing av omgrepet forskingsorganisasjon og ei liste over godkjente forskingsorganisasjonar

Berre FoU-miljø som står på denne lista, kan vera samarbeidspartnar. Utanlandske offentlige universitet og institutt kan også vera FoU-partner. Det må dokumenterast og skildrast i prosjektsøknaden at utanlandsk FoU-partner har faglig kompetanse på området.

Forskingsorganisasjonen skal registrerast som samarbeidspartner i søknadsskjemaet.

Kva kan du søkja om støtte til?

Du kan søkja om støtte til prosjektkostnader, som er planlagde kostnader naudsynte for å gjennomføra prosjektet. Prosjektet skal ha aktivitetar som skal høyre heime prosjekttypekategoriane industriell forsking, eksperimentell utvikling eller forundersøkingar, slik desse er definert i EUs Gruppeunntaksforordning artikkel 25.  

Følgjande kostnader kan få 50% støtte:

  • personal- og indirekte kostnader hjå bedrifta
  • innkjøp av FoU-tenester frå FoU-partnerane
  • andre driftskostnader
  • Kartlegging av litteratur og forskingsfront kan inngå som ein mindre aktivitet.

Berekning av støtte

Bedrifta kan få frå kr 100.000 til kr 200.000 kroner i støtte, inntil 50% av godkjende kostnader.

Minst 80 prosent av støtta må brukast til kjøp av FoU-tenester. Om bedrifta får kr 200.000 i støtte må bedrifta kjøpe FoU-tenester for minst kr 160.000.

Føresetnad for støtte

Støtta blir tildelt som bagatellmessig støtte, med heimel i Kommisjonsforordning nr. 1407/2013 av 18. desember 2013, som er gjort til norsk lov gjennom forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2. Eit føretak kan totalt få tildelt maksimalt 200 000 euro i bagatellmessig støtte i løpet av en tre-årsperiode.

Forskingsrådet vil i førekant av ei eventuell tildeling av bagatellmessig støtte, be om en skriftleg stadfesting og oversikt over all annan bagatellmessig støtte som føretaket har motteke i løpet av dei siste tre rekneskapsåra. For føretak som er del av eit konsern, gjeld maksimalgrens som hovudregel for konsernet. Meir informasjon følgjer av EU si forordning om bagatellmessig støtte

Eigenfinansiering

Bedrifta må stilla med minimum 50 % eigenfinansiering, i form av kontantar og/eller arbeidskostnader (løn - og indirekte kostnader). Det er planlagde, og til slutt faktiske kostnader i prosjektet som gjeld.

Rettleiar for berekning av personal og indirekte kostnader for næringsliv, offentlig sektor og andre søkarar finn du her.

Ikkje løna arbeid kan ikkje førast opp som eigeninnsats. 

Støtta kan ikkje brukast til

  • skriving av søknader til nasjonale og regionale program
  • kjøp av utstyr
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • å etablera nettverk, klynger eller konsortium

Krav til utforming av søknad

Du kan endra og lagra den elektroniske søknaden fleire gonger før du sender inn. Når søknaden er sendt inn, kan den ikkje endrast.

  • Søknaden og alle vedlegga skal skrivast på norsk eller engelsk.
  • Vedlegga skal være i PDF-format.

Du finn vedleggsmalane nedst i utlysninga (bortsett frå mal for prosjektskildring, som du får frå fylkeskommunen).

Obligatoriske vedlegg

  1. Prosjektskildring på maksimalt 5 sider etter fastlagt mal. Malen får du frå fylkeskommunen.
  2. CV for prosjektleder på maks 4 sider
  3. Partnaropplysning: Eigenerklæringskjema for bagatellmessig støtte

Valfrie vedlegg

  1. CV for sentrale deltakarar i prosjektet, på maks 4 sider

Søknader som ikkje oppfyller krava gitt i utlysninga, vil bli avvist.

Vi vil ikkje vurdere dokument og nettsider som blir linka til i søknaden, eller andre vedlegg enn dei som er spesifiserte over. 

Vurderingskriterium

Søknadane blir vurderte etter fylgjande kriterium:

1. Forsking og innovasjon

Innovasjonsgrad

  • I kva grad møter innovasjons-idéen i prosjektet et udekka behov? 
  • Kor original og nyskapande er innovasjonen? 

Relevans og kvalitet på FoU-aktivitetane 

  • I kva grad er FoU-aktivitetane relevante og/eller av kritisk betydning for innovasjonen og som bidrag til prosjektet? 

2. Verknader og effektar i samfunnet

Verdiskapingspotensial og gevinstmoglegheiter

  • I kva grad er det potensial for at resultata frå forprosjektet kan bidra til
    • verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor? 
    • å løyse betydelige noverande og framtidige utfordringar i samfunnet, inkludert FN sine berekraftmål

Gjennomføring

Vurdering av sjølve planen

  • Kvalitet på prosjektplanen med mål, arbeidspakkar, milepelar, ressursinnsats og relevante risikovurderingar 
  • Kvalitet/kompetanse til prosjektleder og eventuell prosjektgruppe 
  • Organisering, med roller og ansvarsdeling, styring og strategisk forankring
  • Budsjett og finansiering 
  • Kor god og realistisk er bedrifta sin plan for vidare utvikling av ideen når forprosjektet er gjennomført? (f.eks. i form av hovudprosjekt) 

Prosjektidéen sin relevans

  • Kor godt vil forprosjektet bidra til at bedrifta får erfaring med å ta forsking i bruk i sitt innovasjonsarbeid? 
  • Kor god er forprosjektet i høve dei regionale satsingsområda? 

Samla vurdering (forprosjekt for regional innovasjon)

Behandlingsprosedyre

Når søknadane er mottatt av Forskningsrådet, blir dei sende til fylkeskommunen for vurdering. Fylkeskommunen vurderer om søknaden fyller dei formelle krava, og om dei er i tråd med satsingsområda. Fylkeskommunen leverer innstilling (ekspertvurdering) til Forskningsrådet.

Forskningsrådet gjer endelig vedtak. Fylkeskommunen har ansvar for å iverksetja vedtak og følgje opp tildelingar.

Prosjektstart og prosjektslutt

  • Prosjektet må ikkje starta opp før du har fått svar på søknaden.
  • Prosjektet må starta opp seinast 3 månader etter at tilsegnet er motteke
  • Prosjektet må avsluttast seinast 15 månader etter at tilsegnet er motteke

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
VRI4 / FORREGION prosjektleiar
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker