Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Fylkeskommunen får kvart år midlar til rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Søknadsfrist for 2019 var 15. april, og utlysinga er stengt. Under er utlysingsteksten for 2019.

Felles utlysing av midlar til prosjektretta tiltak og korte kurs

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 1,120 mill. kr. frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) til rekruttering og kompetanseheving i landbruket i 2019. Midlane skal fordelast på korte kurs og langsiktige prosjekt.

Det overordna målet for ordninga er å bidra til rekruttering og kompetanseheving for næringsutøvarar som kan ivareta og styrkje verdiskapinga i landbruket regionalt.

Prioriterte område for støtte er:

  • tiltak som bidrar til å styrkje rekruttering i landbruks- og gartnarutdanninga og til høgare utdanning i landbruksfag
  • tilskot til kompetansehevande tiltak og støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for næringsutøvarar i landbruket

Tilskot skal sjåast i samanheng med andre ordningar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Det er viktig å tilby regionale etter- og vidareutdanningstilbod som gjev kunnskap næringsutøvarane har særskilt behov for i den einskilde produksjonen.

Prioriterte tiltak:

  • Medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå ved å gi auka kunnskap om landbruket og karrieremulegheiter innan landbruks- og matfag til rådgivarar, lærarar, foreldre og elevar i grunnskulen.
  • Legge til rette for nettverksbyggande aktivitet.
  • Fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket.
  • Legge til rette for auka kunnskap om og synleggjering av bygdenæringar som ein mogleg måte å utvikle verksemda på.
  • Tiltak som byggjer opp omdømet til landbruksnæringa.
  • Kurs som næringsutøvarane har særskilt trong for.

Mentorordningar i landbruket er også viktige rekrutteringstiltak. Sogn og Fjordane er eitt av fire pilotfylke i ei nasjonal mentorordning administrert av Norsk Landbruksrådgjeving. Det er sett av 4 mill. kr til ordninga gjennom jordbruksavtalen. Støtte til mentorordning vil såleis ikkje bli prioritert av midlane som denne planen omfatta.

Krav til søknad

Søknader må vere i samsvar med Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2019, vedteken i Hovudutval for næring og kultur 19. mars 2019. Vidare må søknader innehalde målgruppe, mål om tal kursdeltakarar, kursplan og finansieringsmåte. Planlagd eigendel for deltakarane, eller i prosjektet må komme fram.

Vi oppmodar om at fleire tilbydarar samarbeider om søknaden der det er naturleg.

Søknader skal sendast inn via regionalforvaltning.no. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.

Søknadsfrist er 15. april 2019.

 

For spørsmål, kontakt:

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Tlf: 906 16 843
e-post: kristin.arnestad@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Kristin.Arnestad@sfj.no
90616843

Relaterte lenker