Infrastrukturmidlar til reiseliv

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane.

Tiltaka som vert støtta skal medverke til å nå måla for reiselivssatsinga i Verdiskapingsplanen.

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar.

Korleis søkje?

Du må søkje elektronisk gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no for å få søknaden din handsama.

Rettleiing for bruk av regionalforvaltning.no

Her kan du finne meir informasjon om saksgang, prosjektrekneskap, rapportering, med meir.

Prioriterte tiltak og prosjekt

Enkelte prosjekt og tiltak vil bli prioritert, desse inkluderer:

  • Tiltak som stør opp om vandring som aktivitet
  • Tiltak som skapar auka trafikk i skulder- og vintersesong
  • Tiltak som bidreg til auka verdiskaping til reiselivsbedriftene i området
  • Tiltak som støttar opp under fleire attraksjonar/reiselivsbedrifter
  • Tiltak som medverkar til auka overrislingseffekt
  • Prosjekt med forankring i destinasjonsselskapet i regionen

Prosjekt som tidlegare har fått støtte til dei første prosjektåra kan få prioritet ved tildeling i 2019 for å kunne fullføre prosjektet.

Kriterium og krav til søknad

Alle søknadar skal vere koordinerte og forankra i det regionale destinasjonsselskapet. Alle søkjarar skal ta kontakt med destinasjonsselskapet for nærare informasjon og vidare koordinering. Attraksjonar og eventuelle reiselivsbedrifter vert oppmoda til å søkje i fellesskap der dette er naturleg.

Det er viktig at dei ulike prosjekta har målbare mål i så stor grad som mogleg, og at prosjekta er forankra i måla i reiselivssatsinga i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Døme på infrastrukturtiltak kan vere produktforbetring – tiltak som betrar den reisande si oppleving.

Du kan søkje om støtte til prosjekt som har god kvalitet og der søkjar har god gjennomføringsevne.

Fylkeskommunen legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar.

Tilskotet kan dekke kostnadar direkte knytt til realisering av prosjektet. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent.

Eigeninnsats kan inngå som ein del av finansieringsplanen, og kan prissetjast til inntil 600 kr timen. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.

Kriterium for å få støtte:

  • Tiltak som vert støtta skal vere opne og tilgjengelege for alle. Bedrifter kan søkje der dei tek på seg samfunnsutviklingsoppgåver, eller har ei prosjektleiarrolle for fellesprosjekt. Bedrifter kan ikkje få tilskot til eigne bedriftsutviklingsoppgåver eller investeringsprosjekt.
  • Tiltaka skal normalt ikkje ha samfinansiering med kommunale næringsfond, andre fylkeskommunale midlar eller tilskot frå Innovasjon Norge.
  • Tilskotet skal ikkje gå til å dekke løypande drift og vedlikehald.
  • Midlane skal ha utløysande effekt for realisering.

I den grad støtte vert tildelt til bedrifter vil midlane verte tildelt som såkalla bagatellmessig støtte for å sikre at tilskota i alle høve er i samsvar med EØS-avtalen. Du kan lese meir om bagatellmessig støtte her.

Midlane er avgrensa, og ikkje alle prosjekt vil nå opp

Viktige datoar

Søknadsfrist er 15. februar 2019.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Anne Silje Sylvarnes
anne.silje.sylvarnes@sfj.no
57 63 81 64 / 989 02 334

Visit Sognefjord

Ståle Brandshaug
stale@sognefjord.no
90 96 11 79

Visit Nordfjord

Marita Lindvik
mairta@nordfjord.no
48 14 86 99

Sunnfjord Utvikling

Bjørg Kjos-Wenjum
bjorg@sunnfjord.no
957 39 324

Visit Fjordkysten

Marita Solheim
marita@fjordkysten.no
97784618

Relaterte lenker