Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2019, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.
Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2019, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.

Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesting for ungdom

Fylkesting for ungdom (FFU) er det øvste talerøyret til ungdomen i Sogn og Fjordane. Tingsetet vert arrangert ein gong i året og representantane kjem frå ungdomsråda og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjonane.

Representantane kan være mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen eller organisasjonen. Dette vert vanlegvis gjort gjennom elevråd, kommunestyre for ungdom o.l. Ungdomspolitisk utval (UPU) følgjer opp utvelgingsprosessen, og dei valde representantane vert kontaktpersonane til UPU i perioden mellom to fylkesting for ungdom.

FFU arbeider for interessene til ungdom i fylket og for å auke samfunnsengasjementet hjå ungdomen. Sakene til dagsorden ved FFU skal være regional- og/eller lokalpolitiske saker som fremjar interessene til ungdom.

Alle ungdomar i fylket i alderen 13–23 år kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av UPU, og dei må vere UPU i hende minst ein månad før tinget.

Fylkesting for ungdom vert halde ein gang i året. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker, og saker det vil vere naturleg å ta opp.

 

Fylkesting for ungdom 2019

 

Tidlegare fylkesting for ungdom

Rapportar frå fylkesting for ungdom

Vedtekter for fylkesting for ungdom

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marthe T. Refsnes
Leiar, ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
415 48 481

Guro Høyvik
Rådgjevar
Ungdomsdemokrati
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713