Det enkle kjøpet
Her finn du ei enkel «kokebok» for korleis gjere innkjøp. Vi presenterer grunnleggande reglar og prinsipp for det enkle kjøpet, til hjelp for deg som gjer innkjøp i fylkeskommunen og i SFFI.
Du finn òg malar og lenker til meir informasjon.
Klikk på figuren for meir informasjon.
Ein innkjøpsprosess kan delast i fasar, eit innkjøpshjul. Fasane er reflekterte i lenkene til høgre på denne sida. Vurderer du å gjere eit innkjøp av varer eller tenester utanfor eksisterande rammeavtalar, finn du meir informasjon om framgangsmåte på sidene Behov, Marknad og Konkurranse i menyen til venstre.
Dei grunnleggjande prinsippa som gjeld alle kjøp over 100 000 eks mva, er:
1. Konkurranse
- Målet er ein effektiv offentleg sektor
- Nokre unntak, til dømes enkelte finansielle tenester, nokre FoU-tenester, leie og kjøp av jord, eksisterande bygninger mm, enkelte juridiske tenester
2. Forholdsmessigheit
- Gjennomføre konkurranse som står i forhold til innkjøpet. Jo større innkjøp, jo større krav til konkurranse
3. God forretningsskikk
- Forsvarleg og sakleg sakshandsaming på ein økonomisk ressurseffektiv måte
- Andre nøkkelord: habilitet, opplysningsplikt, teieplikt, reglar om gjennomføring av forhandlingar
4. Likehandsaming av leverandørar
- Leverandørar skal ikkje verte diskriminert grunna nasjonalitet
- Ikkje lov med skjult forskjellsbehandling til dømes med krav om lokal tilhørighet
5. Føreseieleg
- Nøkkelord: lik informasjon
6. Etterprovbar og gjennomsiktlig prosess
- Nøkkelord: dokumentasjon
Ta omsyn til livssykluskostnadar, universell utforming og miljømessige konsekvensar.
(Det finst unnatak – dei vil ikkje bli behandla på desse sidene.)