Tilskot for breibandutbygging 2019

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil ein sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår. Søknadsfrist for 2019 var 24. april, og utlysinga er stengt.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet  (Nkom) gjev kvart fylke ei årleg ramme basert på ein fordelingsnøkkel. Det er berre kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje om midlar. Søknadane skal sendast direkte til fylkeskommunen, og ikkje til Nkom. Fylkeskommunane sender ei samla innstilling til Nkom med prioriterte prosjekt innan eige fylke. Eigendelen for husstandane, kommunane og fylke er om lag 1/3, staten dekker om lag 1/3 og vi forventar at utbyggar/leverandør dekker om lag 1/3 av totalkostnaden. Husstandar og bedrifter må kontakte sin kommune for å melde inn behov.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 8,249 mill. kr. frå Nkom til breibandutbygging i 2019. Dette er dessverre ein nedgong samanlikna med dei føregåande åra. Nedgongen skuldast endra tildelingskriterier.

Nytt i årets tildelingkrav er at minst 80% av midlane som er avsett skal nyttast til utbygging av breiband i område med dekning under 10 Mbit/s, under føresetnad av at det er nok slike område att i fylket.  

Søknadsskjema for 2019 PDF document ODT document
Retningsliner for 2019

Som vedlegg til søknaden bør det følge eit kartutsnitt der området/områda det vert søkt støtte til er markert. Dekningskart er å finne på www.fylkesatlas.no

Søknader skal sendast til post@sfj.no, kopi til olav.skarsbo@gmail.com

Søknadsfrist er sett til 24. april 2019.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristin Arnestad
Seniorrådgjevar
Kristin.Arnestad@sfj.no
906 16 843

Relaterte lenker