Dag Henrik Nygård på talarstolen

Dag Henrik Nygård på talarstolen. Foto: UPU

Vi treng engasjert ungdom

Gjennom engasjement over fleire år, både i ungdomens bystyre i Flora, men mest gjennom ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, er det det tanken om at innsats i ungdomsmedverknad no gjev demokrati i framtida eg sit att med.

Langsiktig tankegang er ein del av kulturen, og denne skal vi take vare på. Engasjer ungdomen for å påverke notida, men gløym ikkje at desse utgjer demokratiet vårt i framtida.

Det er utfordrande med politisk styring over fire år, av di det kan verte krevjande med langsiktige planar og kostbare prosjekt, jamvel om dei kan løne seg på sikt. Ofte fører dette til at vi tenkjer stutt fram i tid. Eg har sett døme på det motsette, der politikarane, for ein gongs skuld, kan verte samde om noko, gjennom å satse på ungdomsråd og medverknad frå svake grupper. Dette er eit langsiktig perspektiv, og noko dei vaksne politikarane skal ha all ros for.

På grunn av klimaet og den store bondestaben som var i samfunnet, har vi lært at ein lyt så på våren om ein vil ha noko att til hausten. I tillegg må ein arbeide hardt om sumaren, for å skaffe seg underhald over vinteren. Dette har vore viktig, og er ein kulturarv vi skal vere stolte over. Ved å gjeve engasjert ungdom innsyn og opplæring i det politiske systemet og forvaltninga no, skapar vi gode politikarar og tenestemenn i framtida.

Mange ser på ungdomspolitikken som ein stad der ungdomane, som elles ikkje kjem til uttrykk på anna vis, kan få seie meiningane sine. Dette er heilt sant, og det skapar gode diskusjonar om viktige tema. Dette er ikkje alt, for ungdomspolitikken byr på så mykje meir enn dette, men det kjem sjeldan så godt fram.

Ungdomen lærer å diskutere saman, om dei er samde eller usamde.

Ungdomen lærer å diskutere saman, om dei er samde eller usamde. Vidare må ein lære seg å samarbeide med folk ein kjem godt overeins med, og med folk ein aldri hadde gjort noko saman med elles. Dette er nyttig læring, og verkar dannande for den einskilde ungdomspolitikaren. Respekt for andre og god møteskikk høyrer nøye med til opplæringa, og somme gonger ser eg at vaksne politikarar får stå i fred på talarstolen, medan vi unge hadde klubba snøgt.

Fleire offentlege instansar har mykje å gå på når det kjem til marknadsføring om kva dei gjer, og ikkje minst kor interessant arbeidet og oppgåvene deira er. Gjennom ungdomspolitikken får politikarspirene inngåande kjennskap til korleis forvaltninga fungerer, og lærer soleis mykje om samfunnet. Dette skaper positiv samfunnsinteresse hjå unge folk, og det er dei som skal gjere desse arbeidsoppgåvene i framtida. Sjølv må eg seie at dette har vore noko av det mest interessante for meg som ungdomspolitikarar.

Ungdomspolitikarane kan de ikkje sjå som ei gruppe, for interesseområda, kunnskapsnivået, dugleikane og alderen varierer mykje. I tillegg vil alderen ha mykje meir å seie her enn hjå vaksne politikarar. Å samle ei gruppe ungdomspolitikarar, med stort spenn, er som å samle eit kommunestyre. På bakgrunn av dette skal det like mykje til for ungdomspolitikarar å kome fram til sams mål som for vaksne.

politikken skal helst representere så mange ungdomar som mogleg

Den store utfordringa i ungdomspolitikken er kanskje at det vert ei gruppe med lite representasjon hjå resten av ungdomen. Di lenger ein kjem, og di høgre ein kjem, di tydelegare vert dette skiljet. Somme grupper er rett og slett underrepresenterte. Når det nesten berre sit studentar frå statsvitskap, samfunnsøkonomi og rettsvitskap, vert det for lite samansett. Høgst truleg er dette særs dyktige folk, men politikken skal helst representere så mange ungdomar som mogleg.

Engasjer deg, du òg.

Nokre har sportslege hobbyar, medan nokon av oss set meir pris på politikk. Politikk kan ein ikkje byrje med så tidleg, men det var verd å vente på å kunne engasjere seg. Om ein engasjerer seg i ungdomspolitikk, men ser at det ikkje er noko som høver, så er det betre å finne det ut tidleg, soleis at ein kan nytte fritida på andre ting. Ingen tapar noko på å prøve seg som ungdomspolitikar. Eg har aldri angra. Ikkje tenk at ein må kunne alt for å engasjere seg, for då vert det ein herreklubb.

Engasjer deg, du òg, for du treng ikkje å vente til du vert vaksen!

 

Les meir om ungdomsdemokrati i Sogn og Fjordane.

Kommentarer