Framtidsfylket på karrieremesse i Bergen. Foto Arild Finne Nybø

Framtidsfylket på karrieremesse i Bergen. Foto: Arild Finne Nybø

Valet som påverkar resten av livet

I dag går den gjennomsnittlege elev først 13 år på grunnskule og vidaregåande utdanning, for så å gå vidare på vidare utdanning på omlag 3 år, avhengig av yrkesval. Er det rett å seie at vi overutdannar oss, når vi går på skule frå vi er 6 år til vi er 22-25 år? 

Vi har to retningslinjer ein kan gå vidare på etter ungdomsskulen; studiespesialisering der ein har teori i 3 år, eller yrkesfagleg der ein har blanding av teori og praksis i 2 år, deretter valet mellom å bli lærling eller gå allmenn påbygging. Det finst både fordelar og ulemper med begge retningane.

Sei du går yrkesfag og vel å gå ut som lærling i to år. Plutselig er lærlingtida over, og du vil ikkje jobbe innanfor dette yrket lenger. Då kan ein gå påbygg. Eller ein kan gå rett på påbygg etter vg2. Ein kan også gå studiespesialisering i 3 år, men utan å få noko erfaring frå arbeidslivet gjennom skulen.

Men etter 3 år på vidaregåande må ein velje kva ein vil gjere vidare. Ta eit friår, gå rett inn i eit yrke eller gå vidare på høgskule- eller universitetsutdanning. Men korleis kan ein ta dette valet som 18-åring, når ein har minimal erfaring frå arbeidslivet? Dei fleste på denne alderen har berre prøvd seg i yrke innanfor matbutikkar eller klesbutikkar, men det er sjeldan dette ein vil drive med resten av livet. For nokre er eit friår nødvendig for å få tilbake motivasjonen, men for ein del kan det vere tøft å komme tilbake på skulebenken.

Og om ein går vidare på eit studie. Er du sikker på at dette er det rette for deg? 40 % av studielånet blir omgjort til stipend om ein fullfører og består eksamen, men om ein ikkje gjer det må man betale tilbake kvar einaste krone, dette på grunn av feil val av studieretning. Ein har kostnadar som bøker, hybel, lån, mat, semesteravgift, transportmiddel osv. Lista strekkjer seg langt.

I løpet av eit år er det mange som droppar ut av studiet på grunn av at det blir for tøft eller dei føler dei har valt feil. Mange av desse kunne ha vore unngått om ein hadde hatt fast praksis i alle vidaregåande skular der ein fekk prøve seg i ulike yrker. Det treng ikkje vere meir enn eit par veker i løpet av skuleåret, men det kan vere nok til at mange får ein idé om kva dei vil gjere. 

 

Linda sin blogg: lindaso.blogg.no

Kommentarer