Opplæring for vaksne

• Har du lang yrkeserfaring innan eit fag, men manglar formell kompetanse?
• Ynskjer du høgskuleutdanning, men manglar studiekompetanse?
• Måtte du avbryte vidaregåande skule som ung, og ynskjer å fullføre?
• Ynskjer du å få fagbrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse, men er over 25 år?

Då kan vidaregåande opplæring for vaksne vere aktuelt for deg. I boksane under kan du finne ut om du har vaksenrett og få generell informasjon om opplæring for vaksne. Du kan også ringe servicetelefonen vår og få den første rettleiinga.

Ring servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl. 12.00–14.00

Du kan òg sende spørsmål til e-post vaksen@sfj.no 

Rettleiing

Er du usikker på kva du vil jobbe med eller utdanne deg til? Då kan du ta kontakt med Karriere Sogn og Fjordane. Dei tilbyr gratis karriererettleiing for deg som ynskjer å skifte jobb eller ta utdanning, eller er i ein situasjon der du må tenkje nytt.

Der vil du få ein profesjonell karriererettleiingssamtale som kan hjelpe deg til å ta val. Denne tenesta er gratis for alle over 19 år.

Bestill rettleiingssamtale på www.karrieresfj.no. Her finn du òg meir generell informasjon om karriererettleiing og utdanning.

Ynskjer du vidaregåande opplæring for vaksne, må du få rettleiing om korleis du kan nå sluttkompetansen din på best mogleg måte før du sender søknad. Tilbod om slik rettleiing kan du få ved å ta kontakt med fylkeskommunen på servicetelefonen

Ring servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl 12.00–14.00

Du kan òg sende spørsmål til e-post vaksen@sfj.no 

Opplæringstilbod

Du søkjer ikkje på eit konkret opplæringstilbod, men på den sluttkompetansen du ynskjer. Tilboda blir oppretta når fylkeskommunen har oversikt over søknadane som er komne inn, og søkjarane med rett vil få tilbod om plass. Desse tilboda kan så bli utlyste i media dersom det er ledig kapasitet.

Korleis føregår opplæringa?

Opplæringa for deg med vaksenrett kan organiserast ulikt. Det er ofte samlings- eller nettbasert, og er ikkje nødvendigvis plassert på ein vidaregåande skule. Opplæringa skal tilpassast livssituasjonen din i den grad det er mogleg, t.d. kan det vere mogleg å kombinere opplæring med jobb.

Har eg vaksenrett?

Du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne dersom du

  • er over 25 år eller fyller 25 år i år
  • har fullført norsk grunnskule eller minimum 9 år grunnskule frå eit anna land
  • ...eller har realkompetanse tilsvarande norsk grunnskule
  • ...og ikkje fullført vidaregåande opplæring
  • ...eller ikkje fått godkjent vidaregåande opplæring frå eit anna land.

Kva har du då rett på:

  • Du har til vanleg rett på opplæring fram til den sluttkompetansen du ynskjer.
  • Opplæringa skal vere tilpassa din arbeids- og livssituasjon så langt det let seg gjere.
  • Opplæringa skal byggje på det du kan frå før (realkompetanse).
  • Du har rett på gratis opplæring, lærebøker og undervisningsutstyr, men ikkje gratis skyss.

For å få vurdert om du har vaksenrett, må du søkje på www.vigo.noVidaregåande opplæring for vaksne/realkompetanse.

Søkjarar utan vaksenrett

Dersom du ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du likevel få tilbod om opplæring der det er ledige plassar. Dersom du får tilbod om opplæring, kan du få fullføringsrett for å nå sluttkompetansen.

Dersom du ikkje har rett og er over 25 år, kan du få vurdert realkompetansen din. Du må då betale for dete sjølv, eller få det dekt av NAV/kommunen dersom dei har bede om ei slik vurdering.

For deg som er under 25 år:

Særlege grunnar

Du kan søke om å få opplæring tilpassa vaksne dersom du er under 25 år med ungdomsrett og har særlege, dokumenterte grunnar til ikkje å få opplæringa i ordinær vidaregåande skule. For å få opplæringa i tilbod for vaksne, må du først søke om skuleplass for ungdom gjennom www.vigo.noVidaregåande opplæring i skule/bedrift. Kryss av for at du ynskjer opplæringstilbod for vaksne, og send grunngjeving for kvifor du søkjer vaksenopplæring. Grunngjeving sender du elektronisk med e-dialog: http://www.sfj.no/edialog

Vidaregåande opplæring frå anna land

Er du under 25 år og har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje vert godkjend i Norge, må du først søkje om skuleplass for ungdom gjennom www.vigo.noVidaregåande opplæring i skule/bedrift. Kryss av for at du ynskjer opplæringstilbod for vaksne, og send dokumentasjon på gjennomført vidaregåande opplæring. Dokumentasjonen sender du elektronisk med e-dialog: http://www.sfj.no/edialog

Opplæringstilbod

Om du har særlege grunnar, eller om du ikkje har godkjend utdanning frå anna land, kan du få opplæringa saman med dei vaksne i dei faga vi til ei kvar tid tilbyr. Dette betyr at du ikkje går i ordinære «ungdomsklassar» på ein vidaregåande skule, men får opplæringa tilpassa vaksne.

Hugs at dette betyr at du ikkje får rett til spesialundervisning eller gratis skuleskyss.

Realkompetanse

Realkompetanse er all kunnskap og ferdigheiter du har fått gjennom arbeid, fritid og deltaking i samfunnsliv elles. Denne kompetansen kan fullt eller delvis dekke krava i læreplaner. Du kan få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller, og på denne måten få opplæringa avkorta.

Vurderinga av realkompetansen din skjer i møte med ein fagperson der du får vise kva du kan i faget du ynskjer opplæring i. Alle med rett til vidaregåande opplæring for vaksne, har rett til realkompetansevurdering dersom dei ynskjer det.

  • Realkompetansevurdering føregår på norsk eller samisk.
  • Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller deler av opplæringa. Du får dermed ikkje opplæring i det realkompetansevurderinga viser at du kan.
  • Du har rett til å få kompetansebevis som syner kva du har fått godkjend.
  • Er du over 25, men utan rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du også søke om realkompetansevurdering. Du må då betale for dette sjølv eller få det dekka av NAV eller kommunen din.

Grunnskule

Har du ikkje dokumentasjon frå grunnskule i eit anna land, og du har behov for å dokumentere kva du kan, må du ta kontakt med kommunen din for å gjennomføre ei realkompetansevurdering på grunnskulenivå. Du kan få realkompetansevurdert eitt eller fleire fag som du kan trenge for å søkje vidaregåande opplæring.

For meir informasjon, sjå: Rett til grunnskuleopplæring for vaksne

Korleis søkje, fristar og dokumentasjon

1) Sjekk om du kan ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne (sjå Vaksenrett)

2) Ta kontakt med fylkeskommunen om rettleiing før du søkjer (telefon 404 30 100)

3) Registrer søknaden på www.vigo.no – vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering. Dersom du ikkje har, eller ikkje kan skaffe dokumentasjon frå gjennomført skule i anna land, skriv det i merknadsfeltet i søknaden på vigo.no.

4) Send inn dokumentasjon på fullført grunnskule/realkompetanse på grunnskule, prøvebevis på norskkunnskapar, andre vitnemål, relevante kursbevis, attestar på arbeidspraksis og anna relevant dokumentasjon, både frå anna land og Noreg.

Dokumentasjonen kan sendast i brev til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Arkivtenesta
Askedalen 2
6863 Leikanger

Eller du kan sende inn elektronisk ved å nytte e-dialog: http://www.sfj.no/edialog  

Merk sendinga «Vaksenopplæring».

NB! Ikkje send inn fortrulege dokument på e-post!

Fristar

Du kan søkje om vidaregåande opplæring for vaksne på www.vigo.no kva tid som helst. Ver merksam på desse fristane:

  • Frist for søknad på tilbod med oppstart i august er 1. mars.
  • Frist for søknad på tilbod med oppstart i januar er 1. oktober.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Servicetelefon:
404 30 100
(måndag–torsdag
kl. 12.00–14.00)

E-post:
vaksen@sfj.no

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00