Dugnad - Fylkesleir 4H Rogaland

Dugnad - Fylkesleir 4H Rogaland Foto: Synnøve Jørgensen - 4H Rogaland/www.flickr.com

Utan frivillige stoppar Norge

Kva ville Sogn og Fjordane og Norge vore utan frivillige?

Sjå føre deg eit Norge utan frivillige. Kva ville 17. mai ha vore utan korps, leikar, talar og tog? Korleis skulle ein fått til idrettsarrangement – frå ein enkel handballkamp til NM, EM og VM – om ikkje frivillige var med? Kven skulle samla bygdefolket eller bydelen til felles samlingar om det ikkje var for grendelag, ungdomslag, velforeiningar eller andre? Kunne ein laga til Countryfestival på Breim, Malakoff på Eid eller Førdefestival utan frivillige? Kven skulle invitert til bygderevyar, 4H-haustfestar eller fotballkampar om det ikkje fanst frivillige? Korleis ville beredskapen i landet sett ut utan Røde Kors og Norsk Folkehjelp? 

Innlegget vart lagt fram som del av innspelsmøte til ny kulturmelding i Førde onsdag 17. januar 2018. Det er også trykt i Firda og Fjordingen måndag 22. januar 2018.


Norge er rå på frivilligheit. Vi har ein flora av frivillige organisasjonar med tusen på tusen av medlemer og leiarar som stiller på og tek tak – kvar dag året rundt. Vi har eit mangfald av festivalar, idrettsarrangement og kulturarrangement som vi er stolte av. Utan dei frivillige hadde vi blitt fattigare på opplevingar, samhald og fellesskap.

Frivilligheitsbarometeret for 2017 viser at 67 % av befolkninga i Norge har gjort dugnad siste året. Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar eller på nærmare 90 000 årsverk.

I 2004 vart dugnad kåra til Norges nasjonalord i NRK-programmet «Typisk norsk». Eg har ikkje registrert at det har blitt kåra eit nytt nasjonalord sidan den gong. På mange språk finst ikkje ordet «dugnad» ein gong. Så kanskje vi då kan slå fast ein gong for alle at det er typisk norsk å vere god på dugnad.

Dugnad og frivillig innsats kjem ikkje av seg sjølv. Sjølv om mange har eit ibuande ønskje om å bidra til fellesskapen og gjere ein innsats for å skape gode lokalmiljø må rammene rundt frivilligheita vere gode.

Slik eg ser det har vi i dag spesielt tre utfordringar innanfor frivillig sektor. Den eine handlar om samspelet mellom offentleg og frivillig sektor. Det andre handlar om aukande krav til profesjonalisering og meir byråkrati. Den tredje er dei økonomiske rammevilkåra.

Ein finn svara på mange av dagens og framtidas samfunnsutfordringar i samspelet mellom offentleg og frivillig sektor. Ei av utfordringane i små og større lokalsamfunn handlar om inkludering. Inkludering betyr at alle skal få høve til å vere med, uavhengig av kulturbakgrunn eller funksjonsnivå. Det offentlege kan legge til rette innan skule, barnehage, arbeid og helsetilbod. Men skal ein bli inkludert, må ein også kunne delta sosialt i fritida. Her kjem frivilligheita sterkt inn. Vi vil ha fleire med, men er avhengig av eit samarbeid med det offentlege for å kunne komme i kontakt med dei som fell utanfor.

Ofte opplever vi som er frivillige at det offentlege ikkje legg godt nok til rette. Skular, helsestasjonar og arbeidsplassar bør få plikt på seg til å informere om dei tilboda som finst i lokalsamfunnet. Vi treng også arenaer der frivillige organisasjonar og det offentlege kan møtast for å snakke i lag. Samtidig bør det offentlege hjelpe slik at privat økonomi ikkje blir ei utfordring. Frivilligerklæringa som regjeringa la fram i 2015 seier at alle skal få vere med på ein aktivitet. Berre her i fylket er 7,3 % av dei under 17 år frå hushaldning med låge inntekt, viser tal frå BUFdir frå 2016. Det er desse som ofte fell utanfor.

Ein god måte å sikre dette på er ved å styrke frivilligsentralane som bindeledd mellom frivillige organisasjonar og det offentlege, og sørgje for at kvar kommune har ein pott med pengar som sikrar at alle har råd til å vere med.

Den neste utfordringa er dei stadig aukande krava om profesjonalisering og meir byråkrati. Kva skal ein bruke tida på – skjema eller aktivitet? Det er mange leiarar og styremedlemer som har brukt mang ein time på papir og skjema. Medlemslister skal vere ajour, rekneskapen skal gå opp og søknader og rapportar skrivast. Spør kven som helst som har vore borti søknader om spelemidlar om korleis det var – og du får eit matt blikk tilbake.

Det offentlege kan hjelpe. Til dømes bør frivilligregisteret som er ein del av Brønnøysundregistra knytast mot medlemssystema til organisasjonane for å sleppe dobbeltregistrering. Støtteordningar kan gjerast enklare. Eit heidarleg unntak her er Frifond, men også denne støtteordninga har blitt meir byråkratisk med åra.

Den tredje utfordringa handlar om økonomi. Frivilligheit kostar litt, men den støtta som blir gitt får ein tilbake i det mangedoble. Anlegg, kulturhus og andre arenaer for aktivitet kostar. Det kostar også å drive organisasjonane. Det finst mange moglegheiter for å få pengar til prosjekt, men prosjektmidlar har ei bakside. Skal organisasjonane heile tida snu seg etter satsingar frå det offentlege eller private kan ein få eit demokratisk problem. Organisasjonane risikerer å ikkje sjølv bestemme kva ein vil satse på, men let seg styre i den retninga andre har gitt. Frie, sjølvstendige organisasjonar treng midlar til drift.

Midlane frå det offentlege bør vere så ubyråkratiske som mogleg. Studiemidlar og frifond er midlar som er viktige for frivillige organisasjonar, og må sikrast i tida framover. Likeeins må ein jobbe for å styrke ordninga med momskompensasjon. Det er ikkje rettferdig å måtte betale moms på frivilligheit. Spelemidlane til idrettsanlegg, friluftsanlegg, nærmiljøanlegg og kulturhus må også sikrast. Dette er midlar som varierer frå år til år, og dekker ikkje alle behova vi ser i dag. Utan arenaer blir det ikkje aktivitet.

I den samanhengen vil eg særleg peike på kulturhusa, og spesielt alle dei som blir drivne av frivillige organisasjonar. Ungdomshus, grendehus, samfunnshus og andre lokale forsamlingshus er veldig viktige arenaer for kulturen, men støtta til modernisering og vedlikehald av husa er liten.

Når regjeringa no skal legge fram ei Stortingsmelding for kultur må frivilligheita få ein stor og viktig plass. Fylkeskommunen skal i 2018 vedta ny regional plan for kultur, og her må frivillig sektor også ha ein like sentral plass. Målet om «kultur for alle» har klar adresse til spesielt dei frivillige. Vi er klare til å ta tak, men då må rammene rundt frivillig kulturarbeid vere enkle, forutsigbare og vere med å gje oss kraft.

Vi skal vere svært takknemlege for alle dei som tek ansvar som turleiar, trenar, dirigent, kasserar, leiar eller flyktningguide. Takk til dei som set ut stolar, baker kaker, preparerer skiløyper og tar si vakt i kiosken. Dei frivillige er grunnmuren i kulturlivet, og utan frivillige stoppar Norge.

 

Kommentarer