Ungdomstilbod

Vi har ulike tilbod til ungdom som nyttar kollektivtransport.

Trygt heim for ein 50-lapp

«Trygt heim» er eit tilbod som er retta mot ungdom mellom 16-24 år, natt til søndag. Tilbodet gjeld i skuleåret, samt 1. og 17. mai og 3. juledag frå ulike tettstadar i fylket. Rutene er lagt opp til å vere både faste- og bestillingsruter. Dei fleste rutene vert køyrt med drosje.

Fylkeskommunen tilbyr i tillegg «Trygg transport» for russen. Dette er midlar som må søkast på, og gjeld transport til og frå arrangement rundt omkring i fylket.

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod for ungdomar frå 16 til 19 år. Ordninga gjeld òg for elevar på 15 år, som er i vidaregåande opplæring. Kortet er gyldig i 30 dagar frå den dagen kortet vert aktivert, og kostar per dags dato 380 kroner. Kortet gjeld innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser, og gjeld på buss, båt og ferje. Reisande med ungdomskort har ikkje reservasjonsrett.

Bestilling av ungdomskort kan du gjere på kringom.no. Hugs passfoto og gyldig ID. Ved kjøp av kortet må det betalast eit depositum på 100 kroner.

Lokaltransport for ungdom (LTU)

LTU er eit tilbod som kommunane, i samarbeid med ungdomsrådet i Sogn og Fjordane, søkjer på. Kommunane nyttar midlane til sine ungdommar ut i frå transportbehova på ettermiddag og kveld. Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år.

Fleksibel skuleskyss

Fleksibel skuleskyss gjeld for elevar i den vidaregåande skulen og gjeld for ei heimreise dagleg, alle skuledagar. Elevane kan reise heim på det tidspunktet dei sjølv ønskjer. Ordninga gjeld på eksisterande buss- og båtruter i fylket, utanom ekspressbussrutene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Hamre
Rådgjevar
eva.hamre@sfj.no
57 63 80 66

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no