Illustrasjon med tekst, stress

Illustrasjon med tekst, stress

Til generasjon ”Alltid i farta”

Om eg gjev deg ei gåve – ville du tatt den imot? Eg er ganske sikker på at du ville. Kanskje det er det som er problemet med oss menneskjer? Vi tek imot meir enn vi treng

Klumpen i magen veks og veks i takt med tida. Eg kastar eit blikk mot klokka på veggen. Alt eg ser er eit timeglas. Tida renn, og den renn fort. Altfor fort. Så fort at eg ikkje klarar å halde ved lag lengre. Alt blir som eit einaste tungt lodd som legg seg over skuldrane.

Du har vel hatt det slik du også, har ikkje du? Når alt fell ned på deg, og ikkje ei celle har lyst til å gjere det du eigentleg burde. Når du veit skilnaden på rett og gale som det stod i panna di med svart tusj, men likevel vel å du å ta meir enn naudsynt på deg. I det du ikkje tilfredsstiller alle krav, ja då bankar den dårlege samvita på døra og gneg hol i kroppen. Den bryt deg ned.

Den dårlege samvita gjer oss sjuke.

Den dreg ut livslysta.

Vi veit skadane av å ta for mykje på seg om gongen. Vi har begge vore der. Både du, og eg. For å gjere vondt verre krydrar vi det heile med ein dose ”dårleg samvit”, men kvifor? Å få dårleg samvit er å strø salt på såret, rett og slett. Det er ei ekstra u-ynskja belastning som vi tek imot heilt frivillig. Fordi vi har lært at det er bra å få dårleg samvit, det er bra å kjenne til sine feil, men er det feil å høyre på eigen kropp og sjel i blant?

Eg har døypt oss til ”Generasjon alltid i farta”. For det er det vi har blitt, og vi har gløymt å lytte til eigen kropp. Derfor har eg tenkt til å prøve ut noko nytt: å gå imot mine eigne gjeremål med god samvit.

Fordi eg veit det vil gjere meg til eit betre menneskje.

Det vil gje meg livslyst.

 

Massoma sin blogg: bygdejenta.no

Kommentarer