Bilete av to hender og regnbogefargar som illustrasjon på homofili.

Stopp diskrimineringa av homofile!

Eg blir vettskremd når eg tenkjer på kor mange fordommar homofile blir møtt med frå somme kristne. Dei får ikkje gifte seg i kyrkja, eller jobbe i kyrkja utan å bli trakassert. Likevel seier kristne at dei aksepterer alle og at religionen deira er tolerant,  det tykkjer eg blir heilt feil.

Alle menneske, uansett kva legning eller kjønn dei har, er like mykje verd. Det er ikkje alle kristne  einige i. Alle dei tre prostane i Sogn og Fjordane er i mot vigsel av homofile par. Dette tykkjer eg er kvalmt. Me er i år 2015, og fortsatt nektar kristne å akseptere dei som ikkje følgjer ei  5000 år gammal bok! Hallo??

Sjølvsagt må dei kristne få lov å ha trua si, men å nekte nokon å gifte seg berre fordi ein ikkje er eit «tradisjonelt» par, klarar eg ikkje å  forstå. Somme kristne meiner at eit ekteskap må vere mellom ein mann og ein kvinne, fordi dei to saman kan lage born. Eg synes det er heilt feil at par ikkje skal få gifte seg i kyrkja berre på grunn av kva dei er. Det er jo ikkje eit bevisst val å vere homofil, eller nokon annan legning. Det er noko du er fødd med, og du kan ikkje bestemme deg for å skifte legning. Derimot kan kyrkja  bestemme seg for å akseptere at det fins noko anna enn heterofili. Eg tykkjer det er på tide å legge dei gammaldagse tankane bak seg, og la homofile bli akseptert i kyrkja.

Eit anna problem er at homofile og lesbiske prestar blir trakasserte på arbeidsplassen, og nokre plassar får dei ikkje eingong vere prestar. Hallo, me er i 2015! På grunn av at så mange prostar er imot homofil vigsel, fryktar homofile prestar at dei mistar jobben sin, og tørr ikkje «kome ut av skåpet» på grunn av dette. Dette syns eg er heilt forkasteleg og eg ynskjer  meir støtte til kristne homofile, for dei treng det.  Kyrkja må akseptere homofile og la dei få same rettane på som andre. Samtidig må dei gjere slutt på trakassering av homofile som arbeidar i kyrkja. Eg meiner, hallo?? Det er 2015 og menneska har fortsatt problem med å tolerere at alle ikkje er like? Jesus sin bodskap er tydelegvis gløymd, når ein rettferdiggjer mobbing og utestenging frå fellesskap med Bibelen i handa. Kom igjen, skjerp dykk, og stopp trakasseringa av medmenneske!

 

Ingrid sin blogg: ingridaliheim.blogg.no

Kommentarer

  • Jesu bodskap er ikkje gløymd

    Til Ingrid Liheim (15) frå Sogndal, som skreiv innlegget «Stopp mobbing av homofile!». Du oppmodar bibeltru kristne om å skjerpa seg, og her får du svar frå ein bibeltru kristeleg ståstad.

    Eg er samd i at det er feil å stengja homofile ute frå kyrkja, men det som skremmer meg er kor lite forståing den jamne nordmann har for religionen. Evangelisk-luthersk kristendom byggjer på at Bibelen, Guds Ord, skal vera kyrkja si høgste autoritet i lærespørsmål. Dette handlar ikkje om at kristne nektar å «akseptere dei som ikkje følgjer ei 5000 år gammal bok», men at samfunnet ikkje aksepterer at kyrkja og kristne vil fylgja denne boki. Kva er det att av kristendomen om me skal fylgja menneskelege trendar og ideologiar i staden for Guds Ord? Apostelen Peter åtvarar: «Ein lyt lyda Gud meir enn menneske» (Apg 5,29).

    Jesu bodskap er ikkje gløymd. Alle menneske er skapte i Guds bilete, men med arvesynd, og alle menneske er likeverdige. Også bibeltru kristne er opptekne av dette. Dei som mobbar, trakasserer og stengjer ute menneske med homofil legning, fylgjer ikkje Guds Ord. Men kven er det som stengjer andre ute av kyrkja i Noreg i dag? Eg kjenner ingen. Som kristne vil me møta alle menneske med kjærleik og respekt, også dei me er usamde med i viktige spørsmål.

    Denne debatten handlar ikkje om utestenging, men kva kyrkja skal læra om ekteskapet. Jesus, som modererte mykje gamaltestamentleg lærdom, tok aldri avstand frå den gamle læra om ekteskap og homofili. Men han sa: «Alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud dei til mann og kvinna. Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja» (Mark 10,6-9). Dette er ein raud tråd gjennom heile Bibelen. På dette grunnlaget er det umogeleg for bibeltru kristne å akseptera ei onnor lære enn at ekteskapet er Guds skaparordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne. Det er fordi me vedkjenner at Bibelen som Guds Ord er høgste autoritet i lærespørsmål.

    Folk må akseptera at eit bibelsk syn på ekteskapet er noko heilt anna enn «mobbing og utestenging frå fellesskap med Bibelen i handa». Skal me få lov til å leva etter trui vår, må me òg få lov til å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet, som både Bibelen og eit overveldande fleirtal av verdas kyrkjesamfunn står for. Elles vil me sjå ei utvikling der bibeltru kristne vert utestengde, med inkluderingsbodskapen i hand! Allereie no ser me konturane av ei kyrkje der det er dei bibeltru prestane som risikerer trakassering og utestenging. Eg er glad me har geistlege som frimodig lyder Guds Ord heller enn tidsåndi. Prosten i Sogn, Kjetil Netland, har mi fulle støtte og tillit!


    Bjørn Sølsnæs (20) frå Leikanger,
    vara til Bjørgvin bispedømeråd

    2016-01-19 16:20:44
    [Svar]