Ingrid Aspeseter Liheim

Sterkt møte med fortida

Etter å ha førebudd meg heilt sidan slutten av 8.kl, var det klart for tur.  Eg fekk endeleg reist på Polen-tur, klasseturen som mange norske 10.klassingar har. For min del, var det ein høgst spesiell tur innom Tyskland og Polen arrangert av Aktive Fredsreiser. I tillegg til å få kunnskap og sterke inntrykk om andre verdskrig, knytte eg band med klassen min, og det var utruleg kjekt. Sjølv om det skjedde mykje kjekt på turen, vil eg her skrive om den seriøse delen. 

Auschwitz. Birkenau. Stasi-fengselet. Dette gjorde eit utruleg inntrykk på meg, og sjølv om eg sikkert hadde sett  hundre klipp frå stadane før reisa, var det mykje sterkare å være der i eiga person. Eit sterkt og krevjande møte med fortida vart til ei god og lærerik oppleving takka være reiseleiaren som gjorde turen til eit minne for livet. Han fortalte og skildra slik bileta stod levande føre oss. Både guidane i leirane og i Stasi-fengselet gjorde jobben sin på ein kjempebra måte og har gjeve meg mange fleire inntrykk enn eg hadde forventa.

Det var heilt utruleg å få trekt samanhengar til boka me var pålagt å lese før me reiste, som forresten er ei veldig god bok. Den heiter Det angår også deg, og fortel historia til den norske jøden Herman Sachnowitz som sat i Auschwitz i tre år. Det var utruleg å sjå plassen han hadde skildra i boka si, og få ei stadfesting på at det var ekte, sjølv om eg godt visste det frå før av.

Det sterkaste var å komme inn i Auschwitz 1, som no er eit museum av ting som har med andre verdskrig å gjere. Det var fullt av barnesko, briller og koffertar med påskrivne namn. Å tenkje på kva eigarane av desse gjenstandane gjekk igjennom, er heilt forferdeleg.

Det fekk meg til å føle eit stikk av dårleg samvit, fordi eg som er tenåring i Noreg, har klaga og sytt når eg ikkje har tilgang til Wi-Fi eller når eg ikkje får den gode, usunne fredagsmiddagen eg kunne tenkt meg. Kvardagsproblem for meg er å finne eit passande antrekk for skulen, mens kvardagsproblema til menneska som sat i leirar under krigen var at dei hadde eitt minutt kvar dag til å gå på do. Dei svolt, og jobba livet av seg, og blei psykisk og fysisk mishandla av tyskarane som styrte i leirane.

Det er heilt forferdeleg at det i dag fins mange som støttar kva Hitler gjorde og meiner at det var rett. Det fins og mange som ikkje veit nok om det til å tru på at det sant. Slik burde det ikkje vere. Slik sonen til ein av dei norske fangane sa, «Ein må vite og vedkjenne kva som har skjedd for å forhindre at det skjer igjen.» Stoda i Europa i dag er ei viktig påminning om dette. Terroristar drep uskuldige og skaper frykt blant menneska. Me blir redde det me ikkje kjenner til, og dømmer ein heil religion for det som skjer. Dei blir våre fiendar. Berre kjærleik og respekt for kvarandre kan skape fred. Hitler nytta propaganda for å gjere jødane til syndebukk for alt som var gale i Tyskland. Lat oss ikkje enda ein gong gå i denne fella. Kanskje bør alle ta ei danningsreise for å møte fortida i konsentrasjonsleirane?

 

Ingrid sin blogg: ingridaliheim.blogg.no

Kommentarer