jeg 4qhmhey

Eivindvik krossen, Gulen Foto: Irene Baug

Steinkrossane på Vestlandet

Langs Vestlandskysten står det fleire høge, frittståande steinkrossar. Sjølv om det fleire stader her i landet er funne mindre steinkrossar nytta som gravkrossar, er dette den einaste regionen i landet med dei høge, frittståande krossane. Når vart krossane reiste – og kvifor?

 

Krossane er plassert innafor det som i mellomalderen var Sygnafylket, Firdafylket, Hordafylket og Rygjafylket, og det opphavlege lovområdet til Gulatinget. Dette var også kjerneområdet til Håkon den gode på 900-talet. Etableringa av Gulatinget omtrent samtidig har vorte sett i samanheng med Håkon den godes forsøk på å konsolidere makta på Vestlandet, og han var truleg den første kongen som forsøkte å innføre kristendommen i Noreg. Den eksakte plasseringa av Gulatinget er ikkje kjend, men Eivindvik er ein av stadene som peikar seg sterkast ut. Her står det to større steinkrossar, begge hogne i Hyllestad i Ytre Sogn.

Inndelinga i ulike lovområder i mellomalderen kan vi stort sett berre finne igjen i dei skriftlege kjeldene. Vi finn svært få spor i den materielle kulturen. Om vi ser på området som utgjorde lovområdet for Gulatinget i vikingtid og mellomalder, er det likevel eitt materielt uttrykk som faktisk er avgrensa til Gulatingslagen. Det er dei store frittståande steinkrossane.

Kor gamle er krossane?

I alt 22 av 40 krossar er produserte ved kvernsteinsbrota i Hyllestad, og krossane frå Hyllestad er hittil påviste både i Sogn og Fjordane og i Rogaland. Alderen på steinkrossane er noko usikker, og har lenge vore gjenstand for diskusjon. Mi eiga undersøking av produksjonsplassen har gjort at produksjonen av steinkrossar i Hyllestad no har vorte C14-datert til 1000–1200 e.Kr. Det er den avsluttande fasen i steinkrossproduksjonen i Hyllestad som er datert, og det er difor vanskeleg å avgjere når denne utvinninga starta.

Dateringane frå steinbrota fell i stor grad saman med dateringane av runeinskripsjonar på enkelte av krossane, som er sette til byrjinga på 1000-talet. Grunnlaget for å datere runeinnskrifter er noko usikkert, men saman med plasseringa av steinkrossane kan det likevel gi viktige indikasjonar på når steinkrossane vart reiste. Fleire av dei høge, frittståande krossane er plasserte på førhistoriske gravhaugar. Andre igjen står strategisk plasserte og godt synlege langs hovudleia. Krossar plasserte på gravhaugar er tolka som ei monumental kristen markeringmot heidenske skikkar, og kan slik sett vore reiste i misjonsperioden eller i den tidlegaste fasen av kristendommen. Når fleire av dei høge, frittståande krossane er plasserte på viktige kyrkjestader frå mellomalderen, kan dei ha vorte brukte i samband med utandørs gudstenester før kyrkja vart bygd der, mens mindre kyrkjegardskrossar kan ha vorte sette opp i samband med vigslinga av kyrkjegarden. Dei representerer i så fall andre generasjon av krossar med ein annan funksjon enn dei høge, frittståande.

Kven reiste steinkrossar?

Plasseringa av krossane tyder på at mottakarane var knytte til det opphavlege lovområdet til Gulatinget. Funnstaden til og samanhengen krossane inngår i, som t.d. storleiken på gardane dei er plasserte på og eigedomsforholda, tyder vidare på at det var aktørar frå dei øvste samfunnssjikta som sto bak reisinga, kan hende òg kongemakta. Det kan ha vorte gjort som ei politisk og symbolsk markering av kristent område. Dei to krossane i Eivindvik kan t.d. ha vorte reiste av kongen eller representantane for tinget, kanskje for å ‘kristne’ tingstaden, og dei kan ha vorte brukte i samband med utandørs gudsteneste før kyrkja vart bygd.

Håkon den gode hadde nær tilknyting til England, og tok med seg misjonærar til Noreg. Dette kan ha vore folk som kjende til den britiske tradisjonen med å reise steinkrossar. Dei britiske øyane har den største konsentrasjonen av frittståande steinkrossar, ein tradisjon som truleg går tilbake til 700-talet, og som ser ut til å halde fram på 1100-talet. Dei britiske krossane er derimot ofte rikt ornamenterte, og skil seg såleis frå dei enklare vestnorske krossane. Nokre av dei norske krossane har likevel liknande formelement som dei britiske, dei såkalla angliske krossane med bua kurver mellom krossarmane, og dei keltiske krossane med ei sirkulær utforming av armhola.

Steinkrossane innafor Gulatingslagen vart òg reiste på kyrkjestader knytte til fjordungstinget, slik som krossane på Svanøy (Bru) og Vereide i Firdafylke, som begge var administrative kyrkjelege knutepunkt i bispedømet. Fjordungen er nemnd i dei eldste delane av Gulatingslova, truleg frå tidleg 1000-tal. På same måte som fjordungskyrkjene ser ut til å ha vore bygd på kongeleg initiativ og som eit felles tiltak, kan krossane òg ha vorte reiste slik. Krossen på Svanøy har likevel ei runeinnskrift som tyder på at ein bestemd person stod bak steinkrossen, og at det var ein minnekross: þórðr lét reisa kross þenna ept (ir..’), dvs. Tor lét reise denne krossen etter. For nokre av krossane, som t.d. krossane på Loen og Rygg i Firdafylket, er det mogleg at eit fellesskap av bønder og stormenn stod bak, dvs. staden for eit bygdeting. Reisinga av steinkrossane kan slik vere ei symbolsk markering av overgangen til kristne lover og reglar.

Sannsynlegvis var steinkrossane laga som bestillingsverk, bestilte av og produserte for ein maktpolitisk elite som stormenn, kyrkja og kongen. Krossane vart ikkje distribuerte via handelsplassar, men sannsynlegvis frakta direkte frå steinbrota til mottakaren. Plasseringa av krossane knyter dei til maktområde innafor regionen, som staden for lagtinget i Gulatingslagen og til kyrkje og tingstader for fjordungen. Krossane er slik ei manifestering av makt og kristendom knytt til det opphavlege lovområdet for Gulatinget.

Anbefalt litteratur:

  • Baug, Irene 2016: Lokalsamfunn, regionar og nettverk i mellomalderen – ulike arkeologiske tilnærmingar. Viking, Bind LXXIX, 155–174.
  • Baug, Irene 2015: Quarrying in Western Norway. An archaeological study of production and distribution in the Viking period and Middle Ages. Archaeopress Archaeology, Oxford. 
  • Birkeli, Fridtjov 1973: Norske steinkors i tidlig middelalder. Et bidrag til belysning av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Skrifter utgitt av Det Norske videnskaps-akademi i Oslo II. Hist.-Filos. Klasse. Ny Serie, vol. 10. Universitetsforlaget, Oslo.
  • Gabrielsen, Kristine Holme 2007: Vestlandets steinkors: Monumentalisme i brytningen mellom hedendom og kristendom, redigert av Janicke L. Zehetner, s. 115–271. UBAS, Universitetet i Bergen Arkeologiske Skrifter, vol. 2.Universitetet i Bergen, Bergen.
  • Helle, Knut 2001: Gulatinget og gulatingslova. Skald, Leikanger

Kommentarer