You are here
Heim ›Nyhendearkiv
Søk i nyhende
Måndag, 14 mai, 2012 - 12:36
Leiaren for seksjon for e-kultur i Norsk kulturråd, Gunnar Urtegaard, er kritisk til musea og fylkeskommunen sine prioriteringar. I sin første bloggpost på Kulturbloggen peikar han mellom anna på at friske midlar til musea ikkje viser att på Internett.
Les meir...
Torsdag, 26 april, 2012 - 14:50
"Det er ei tid for alt, og om våren skal det rapporterast. Årsmeldingar skal skrivast, rekneskap skal reviderast, søknader skal sendast. Eigarar og tilskotsytarar og andre interesserte skal få vite korleis det har gått i året som gjekk. Sjølv teatra driv med slikt", skriv Terje Lyngstad på Kulturbloggen.
Les meir...
Onsdag, 28 mars, 2012 - 14:21
Det er så altfor mange som ser på musea berre som ein rein formidlingsarena og reiselivsaktør og vurderer oss etter tal besøkande og andre målbare ting. Det er viktig det, vi ynskjer vel alle å vere populære, og det gir oss ein peikepinn på kva vi betyr for folk. Men musea er så mykje meir
Les meir...
Fredag, 23 mars, 2012 - 10:13
Anita Solbakken er kultursjef i Flora kommune, og har jobba med kulturspørsmål i offentleg sektor i over 20 år. I Kulturbloggen peikar ho på at det er få kunstnarar som bur og arbeider i fylket i dag. Men korleis skal vi eigentleg telje? Og korleis kan vi bli fleire?
Les meir...
Torsdag, 22 mars, 2012 - 12:55
Dei to siste vekene har sjuandeklassingar ved Sunde skule i Førde arbeidd hardt og intenst med å laga digitale historier. Dette er korte filmar sett saman av lyd, bilete og tale. Kultur og historie har vore tema for fleire av historiene. Andre fortel om sine kjæraste interesser eller har gitt fantasien fritt spelerom.
Les meir...
Torsdag, 15 mars, 2012 - 09:14
Den suksessrike designgruppa Norway Says har sett norsk design på verdskartet. Vandreutstillinga "Norway Says 10" er utarbeidd i samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Utstillinga viser nyskapande møblar, lamper, tekstiler, bruksgjenstandar og industridesign.
Les meir...
Torsdag, 8 mars, 2012 - 12:06
Den 15. mars kan du få med deg Fylkesmusikarane sin vinterkonsert på Sunnfjord museum. Det er den tredje og siste konserten som fylkesmusikarane Vidar Underset, Synnøve Bjørset, Elin Grytting, Sigmund Eikås og Oddbjørn Ramstad held no i vinter. Dette er eit samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane og dei lovar ein stemningsfyllt kveld for dei som kjem og høyrer på.
Les meir...
Torsdag, 8 mars, 2012 - 11:19
Frå fredag 9. mars til søndag 25. mars turnerer bokbåten i Sogn og Fjordane. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram skal båten leggje til kai 41 stader i fylket.
Les meir...
Torsdag, 8 mars, 2012 - 11:14
Frå fredag 9. mars til søndag 25. mars turnerer bokbåten i Sogn og Fjordane. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram skal båten leggje til kai 41 stader i fylket.
Les meir...
Torsdag, 1 mars, 2012 - 12:50
Spørsmålsstillaren er gjestebloggar og kunstar Stig Eikaas. Han svarer i innlegget også på kritikken Georg Arnestad kom med i eit tidlegare innlegg på Kulturbloggen. Arnestad skreiv der at Eikaas si tid på kunstarenaen snart må vere forbi. Men Eikaas kjenner seg ikkje ferdig.
Les meir...
Tysdag, 28 februar, 2012 - 09:59
Terje Lyngstad er svært kritisk til at det dei seinare åra er komme føringar frå Kulturdepartementet på kva kunstinstitusjonar skal formidla. På kulturbloggen hevdar han at det vert feil når politiske målsetnadar fungerer som rettesnor for kunsten. Då er ikkje kunsten fri. Les meir på Kulturbloggen.
Les meir...
Torsdag, 23 februar, 2012 - 14:48
Vi vil ikkje vite av den moderne samtidskunsten her i fylket. Vi skjønnar den ikkje. Vi likar den ikkje. Vi gidd ikkje møte den. Vi trur ikkje på den, og vil ikkje gjere noko for den. Det skriv Georg Arnestad på Kulturbloggen.
Les meir...
Torsdag, 16 februar, 2012 - 15:48
Museumsdirektør Aage Engesæter ønskjer å bli kikka tettare i korta. Han undrar om kulturarbeidarar kan gjere kva dei vil utan at kritiske røyster tek til motmæle. «Kanskje kan kritiske medieblikk på verksemda vår også gjera fleire interesserte i det vi driv med?» skriv han.
Les meir...
Torsdag, 9 februar, 2012 - 15:33
I kva retning skal kunstlivet i Sogn og Fjordane gå?Teatersjef Terje Lyngstad skildrar på kulturbloggen motsetnaden mellom vedtektene til Sogn og Fjordane Teater og pålegg frå Kulturdepartementet. Han stiller spørsmålet om kvar vegen skal gå vidare for at kunstlivet i fylket skal utvikle seg og nå eit stort publikum.
Les meir...
Torsdag, 9 februar, 2012 - 12:08
Vestnorsk filmsenter inviterer til Kjøl-konferanse 8. og 9. mars i Bergen. Konferansen har som målsetnad å auka kunnskapen blant formidlarar om bruk av levande bilete og auka filmmiljøet sin kjennskap til desse institusjonane. Kva treng kulturinstitusjonane og kva kan filmskaparane tilby? Konferansen vil vera ein fin arena å møta aktuelle framtidige samarbeidspartar for begge partar.
Les meir...
Torsdag, 9 februar, 2012 - 11:55
Er du oppteken av samspelet mellom kyrkjerom, kyrkjelyd, utøvarar, lokalmiljø og publikum? Då er du velkomen til konferansen Musikk i kyrkja i Førde 21. og 22. mars. Det vert to dagar med innlegg og samtalar – og kyrkjekonsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive.
Les meir...
Torsdag, 2 februar, 2012 - 14:41
Vi har vanskeleg for å sjå det store verdiskapingspotensialet som ligg i det å ta vare på kulturminna, skriv Fylkeskonservator Eva Moberg i sitt første blogginnlegg på Kulturbloggen. Ho minner oss om at bergensarane gjekk i demonstrasjonstog for å rive Bryggen i Bergen
Les meir...
Torsdag, 2 februar, 2012 - 13:33
Melodi Grand Prix - det mest spektakulære tv-familieshowet i Norge kjem tilbake til Florø og Sogn og Fjordane! Laurdag 4 februar 2012 kan du vere med å bidra til eit glimrande tv-show i Florø Idrettssenter!
Les meir...

