Innhaldsrik skulesekk

Solo Cissokho frå Senegal er ein av artistane i årets DKS program.

Den kulturelle skulesekken er fylkeskommunen si turneordninga som skal gje elevar eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Turneane i haust strekkjer seg frå den yste øya til dei inste fjordane og spenner over eit rikt mangfald av kulturproduksjonar.

Den kulturelle skulesekken er fast innslag i skulekvardagen rundt om i fylket. Elevane i både grunn- og vidaregåande skule får gjennom eit skuleår fleire besøk på skulen, eller dei reiser til eit større kulturhus for å sjå framsyningar. I år er november månaden med størst aktivitet og i tida framover vil åtte turnear vere ute på vegen. Utøvarane reiser gjerne på turne 15 - 20 dagar der det kvar dag er møte med nye elevar og nye skular. 

Musikk er alltid med i skulesekken og i haust er det er konsertar med artistar som "Benedicte Mauseth Trio", "Solo Cissokho" frå Senegal,  eller  formidling av "Joik".
Distriktsmusikarane i Sogn inviterer i sin turne elevane til å ta del i "ViTube" - ein konsert utanom det vanlige.

For dei yngste er det to musikkteater som reiser rundt.  "I berget det blåsom byggjer på eventyret om tre kongsdøtrer, medan "Svanene over Irland" har utgangspunkt i Irske segn.  Begge har både skodepelarar og musikarar. 

Alle elevane i vg3 får eit tilbod gjennom  turneén "Radiobølgjer" som er knytt til Rolf Haugen si radioutstilling i Hornindal. Formidlar har med nokre radioar frå denne utstillinga og fortel om radioen si utvikling gjennom tidene, medan to  medarbeidarar frå NRK Sogn og Fjordane utfordrar elevane til praktisk å prøve korleis det er å arbeide som journalist i radio i dag.

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.