Dåpskjoler på catwalk - første gong i Noreg!

Vil du sjå 20 vakre dåpskjolar frå Nordfjord vist på catwalk med Henny Staalnacke som konferansier? Då må du ta turen til Nordfjord folkemuseum den 29. august. Folk er invitert til å vise fram sine dåpskjolar, både nye og eldre. Her vert det med andre ord eit unikt høve til å få sjå mange godbitar. Nokre kjolar er nye og den eldste kjolen er 150 år gammal!
Liv og røre på Nordfjord Folkemuseum på laurdag
Vil du sjå trinn for trinn korleis spedbarn vart reiva og prøve det sjølv?
Vil du sjå korleis dåpsbarn vart pakka i kristnaåklede?
Vil du sjå gamle kristnahuer, kristnablejer, kristnaåklede og lindeband frå Nordfjord?
Vil du sjå gamle bilete frå dåpsreiser og dåpsfestar i Nordfjord?
Tenkjer du på å kjøpe ny dåpskjole og har lyst til på ein spennende nydesigna kjole som er inspirert av
gamle dåptekstilar frå Nordfjord?

Då skal du komme på opninga av utstillinga «Dåpstekstilar- gamle tradisjonar og ny design» på Nordfjord Folkemuseum på laurdag.

Tradisjonar og ny design i spennende blanding
Henny Staalnacke frå Stryn designar moderne dåpskjolar der ho hentar inspirasjon i eldre dåpstekstilar frå Nordfjord. Utstillinga «dåpstekstilar – gamle tradisjonar og ny design» er eit samarbeid mellom Nordfjord Folkemuseum og Henny Staalnacke. Museet viser eldre dåpstekstilar frå Nordfjord og formidlar i tekst og bilete om dåpstekstilane, den sosiale hendinga og om kyrkjeleg og folkeleg tru knytt til dåpen. Det er særleg lagt vekt på tida fram til førre hundreårsskifte. Henny Staalnacke har salsutstilling der ho presenterer sin spennende dåpskolleksjon.

Ei skattekiste
Eldre dåpstekstilar er ei skattekiste av former og fargar vi kan ause av. Dei er interessante og inspirerande i seg sjølve. Samstundes kan tekstilane og skikkane rundt dei gi oss eit fascinerande gløtt inn i ei anna og for oss framand tid der folk hadde heilt annleis levemåter og verdsbilete. Dåpskleda var prega av moten i tida, sosial tilhøyre og tilgjengelege ressursar og materialar. På same måte som anna bygdedrakt i tida, hadde dåpskleda regionalt særpreg. Mot slutten av 1800-talet vart dei gamle dåpskleda avløyst av den lange, kvite dåpskjolen vi kjenner i dag.

Ut av godstolen!
Om ikkje utsikta til desse spennende opplevingane er nok til å få deg ut av godstolen og inn på museet, kan museet også freiste med sal av herleg rømmegraut og oppkvikkande kaffi på opningsdagen.

Utstillinga vert ståande i vel ein månad til 9. oktober

Kontaktpersonar:
Henny Staalnacke 57 87 14 95 Mobil 917 21 663
Ingrid Berger 57 88 45 40 Mobil 970 94 703
Aslaug Nesje Bjørlo 57 88 45 40 Mobil 950 32 493

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.