Utstillingsopning

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane (utsnitt)

I år kan vi feira 100 år med stemmerett for kvinner. I jubileumsåret har Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane laga ei utstilling med tittelen: Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane. Utstillinga vert opna på museet på Kaupanger laurdag 4. mai kl 16.00.

Utstillinga portretterer 26 kvinner, ei frå kva kommune i fylket, for å setja søkelyset på historia til formødrene våre, trekkja fram dagens kvinner, deira kår og samfunnsdeltaking og samstundes henta fram unge kvinner som også representerer framtida.

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane viser mangfaldet i kvinners liv. Utstillinga skal ikkje berre vise fram det som har vore, men også om det som er og det som peikar framover. Fylket si utvikling over tid vert sett frå kvinnene sitt perspektiv, og utstillinga er ein naturleg del av 250-års feiringa til Sogn og Fjordane fylke.

Laurdag 4. mai vert utstillinga opna på museet på Kaupanger. Arrangementet er ope for alle (inngang kr 100), og vi kan by på eit innhaldsrikt og variert program:

  • Offisiell utstillingsopning ved professor Ida Blom, nestor i norsk kvinnehistorie
  • Konsert med Sigrid Moldestad, felespelar, songar og historieforteljar
  • Utstilling av kunstgruppa Kunst Utan Rom
  • Plakatutstillinga Likestillingslandet Norge
  • Enkel servering


Tid: Laurdag 4. mai kl 16.00

Stad: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Billett: Kr 100 (årskort museum/barn kr 50)
Førehandssal av billettar på museet eller på dhs.resepsjon@misf.no.
(Billettar må hentast seinast ein time før arrangementet startar.)

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Kulturavdelinga/ABM. Design og layout er av Mariell Øyre/hjartesmil.com

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.