Kulturfestival med digital historieforteljing, dans og eventyr

Det vert kulturopplevingar av ymse slag under Kulturfestivalen som går av stabel
Dette er berre noko av det som står på programmet når Sogn og Fjordane fylkeskommune er med og arrangerer Kulturfestivalen 2012. Festivalen inviterer menneske med utviklingshemming til ei rik kulturhelg i Førde 20.–22. april.

Det er 24. gong Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen arrangerer kulturfestival. Åstaden er Rica Sunnfjord Hotell, og målet er å fylle hotellet med gode kulturopplevingar, latter, glede og humor. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar festivalen.

Nye kurs av året er photostory og kort og godt. I førstnemnde lærer ein å lage digitale historier med foto og forteljing. Kort og godt går ut på å lage kort med scrap-booking-teknikkar. Det vert også kurs i blant anna måling, dans, eventyr og enkelt samspel. Kursa går over heile helga, og festivalen vert avslutta med konsert søndag.

Fredag kveld er det konsert med Steinar Engelbrektson, og laurdag er det festmiddag og dans. Aldersgrensa for å delta på festivalen er 16 år. Fristen for å melde seg på er 20. mars.

Brosjyre og påmelding

For meir informasjon, ta kontakt med
Bente Underthun
studieleiar, NFU Sogn og Fjordane
tlf. 977 16 912

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.