Kvinnestemmer i Movika

Sunnfjord Museum feirar stemmerettsjubileet med ulike arrangement utover sommaren og hausten. Sentralt står Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og fylkeskommunen si eiga utstilling "Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane".


Eit eksemplar av vandreutstillinga kan du sjå på Sunnfjord Museum fram til 19.juni og frå 20. august til 5.september. I utstillinga har vi også eit tekstilt kunstverk, «Sart fane», av Elisabeth Haarr, samfunnsengasjert kunstnar som budde i Askvoll i ei årrekke.

Torsdag på museet – førpremiere på markeringa 25.april
Sunnfjord Museum opna jubileumsåret med å setje lys på dei nære i tid og stad: Kvinner som bur og verkar her i dag. Nokre er fødde og oppvaksne her, men har vore vekke for utdanning og andre gjeremål, andre har alltid hatt sitt virke her, innan jordbruk eller anna. Og så har vi dei som har funne kjærleiken i ein odelsgut og har slått seg til på «heimebøen», noko som har skjedd til alle tider.

Magni Øvrebotten, Naustdal kommune sin representant i utstillinga, kåserte om å vekse opp som dotter på eit småbruk i Botnane og tilhøyre den første generasjonen som kunne følgje draumar om sjølvrealisering. Ho gav ei fargerik skildring av korleis mange val og livet sjølv er farga av denne bakgrunnen. Bakteppet var mor Sigrid Øvrebotten si bok «Småbrukarkona fortel» - ei samling historier ho fekk publisert i Bergens Tidende på 1960-talet, med snertne illustrasjonar av Sverre Bø.

Songgruppa frå Haukedalen
Songgruppa frå Haukedalen var også med på denne kvelden. Songglade damer i alderen 35 – 70 år, innfødde og tilflytta, har funne tonen og starta kor. Gjennom vekefaste øvingskveldar, tilpassa fjøstid og legging av ungar, har dei skapt eit viktig møtepunkt i grenda og gler både seg sjølve og andre med fleirstemt song. Ein flott kveld med mykje attkjenning og gamle minne, humor og allsong!

Stemmerettsjubileet - fylkestinget markerer 11.juni
På sjølve dagen for stemmerettsjubileet har fylkestinget møte, og nettopp denne dagen blir møtet lagt til Sunnfjord Museum i Movika, Der blir det ymse program, m.a. vil utstillinga som fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane har laga med "Kvinnenstemmer frå Sogn og Fjordane" bli opna på nytt.

Skuletilbod i samarbeid med DKS
I slutten av inneverande skuleår,og i byrjinga av det neste, vil utstillinga bli arena for ungdomsskuleklassar frå Sunnfjord, med skyssmidlar frå Den kulturelle skulesekken. Rundt 300 elevar har meldt seg i juni. Vi gler oss til formidling og friske ordskifte!

Sommarutstilling 22.juni – 18.august: «Minne om Maria - ein hyllest til kystkvinna»

Reidun Øvrebotten frå Bremanger viser med gamle visittkortfoto veg til forteljingar om liv og lagnader ved kysten i ei ikkje så fjern fortid. Reidun portretterer 10 kvinner og deira historiar i form av vakre drakter. Sunnfjord Museum inviterer publikum til refleksjon kring kvinneliv i Sogn og Fjordane før og no i Marte Movik sitt heimemiljø. 

«Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» 20.aug – 5.sept.    

Vandreutstillinga kjem opp att i starten på skuleåret 2013 – 2014.

 

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.