You are here
Heim ›DKS på Facebook
DKS i Sogn og Fjordane medverkar til at elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. No har dei teke steget inn i sosiale medium, for at fleire skal få eit innblikk i kva som rører seg i skulesekken.
– Vi gjer dette for å gje fleire sjansen til å sjå kva vi driv med. Samstundes ønskjer vi at Facebook-sida skal gjere det enklare å ta kontakt med oss. Vi svarer så raskt vi kan på spørsmål og tek gjerne imot innspel, seier koordinator for DSK, Øyvind Høstaker.
DKS er ei nasjonal satsing, som vert drifta av dei enkelte fylkeskommunane. Eitt av måla er å leggje til rette for at elevar skal få tilgang til og gjere seg kjende med kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
Facebooksida til DKS Sogn og Fjordane
Heimesida til DKS Sogn og Fjordane
For meir informasjon, ta kontakt med
Øyvind
Høstaker
Koordinator for DKS Sogn og Fjordane
tlf.: 952 22 168
e-post:
oyvind.hostaker@sfj.no
Frå same kommune i kulturkalenderen.
Ingen arrangement funne.



Skriv ny kommentar