Kvinnestemmer på Kaupanger

Laurdag 4. mai vart utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opna på Kaupanger. Sigrid Moldestad sine stemningsfulle tonar, gode ord og talar, god kortreist mat og ikkje minst alle dei flotte kvinnene portrettert i utstillinga, var med på å skape eit vellukka arrangement. Alle desse kvinnene kan du lese meir om på nettsida kvinnestemmer.net.

Samarbeidsprosjekt

Prosjektet "Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane" har vore eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan i haust har ei arbeidsgruppe beståande av Anna Jorunn Avdem frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet og Sigrun Espe frå kulturavdelinga jobba med å velje ut og presentere 26 kvinner - ei frå kvar kommune i fylket. Gruppa har hatt god hjelp frå andre tilsette hjå Fylkesarkivet og frå Sunnfjord Museum, Nordfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet. Resultatet er no å sjå i utstillingslokalet på museet på Kaupanger.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling, assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid og Nils Gjærland, leiar av hovudutvalet for kultur i fylkeskommunen, kom alle med gode ord og blomar. Kurt Ole Linn, Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet sin representant i komiteen for Stemmerettsjubileet var tilstade og sa nokre ord om jubileet nasjonalt, og nestor i norsk kvinnehistorie Ida Blom stod for den offisielle opninga av utstillinga.

Konsert

Sigrid Moldestad var eit naturleg val når arbeidsgruppa skulle velje ut ein artist til utstillingsopninga. Gjennom prosjektet Taus i 2007 gjorde Sigrid ein viktig jobb med å fortelje historiene til spelekvinner frå Nordfjord og Sunnmøre. Ei av desse spelekvinnene, Samuline Seljeset frå Hornindal, har vorte ein del av denne utstillinga også. Gjennom sin musikk og sine tekstar skapte Sigrid ei naturleg og flott ramme rundt opningsarrangementet.

Sigrid Moldestad spelte på opninga av utstillinga "Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane"

Vandreutstilling

Utstillinga representerer heile fylket. Ei kvinne frå kvar kommune er portettert. I tillegg til desse 26 kvinneportretta er det tre plakatar som omtalar kvinner i politikken, kvinner med makt og vegen fram mot ålem stemmerett. Utstillinga er trykt opp i tre eksemplar som kjem til å vandre rundt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det er folkemusea i dei tre regionane som administrerer dei tre eksemplara, så om de er interesserte i å låne utstillinga er det berre å ta kontakt med museet i din region eller med Kulturnett Sogn og Fjordane. Utstillinga er også ein del av Den kulturelle skulesekken og skular kan få dekka utgifter til transport for å sjå utstillinga ved eit av musea. Les meir på DKS si heimeside.

Jubileum

Denne utstillinga er ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett. Men den er også ein del av fylkesjubileet - vi feirar i år at Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år, og denne utstillinga set fokus på kvinnene i fylket. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men kvinnene har utan tvil sett sine spor, og bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og  i det store samfunnsbiletet.

Digital formidling

Alle kvinnene i utstillinga er å finne på nettsida kvinnestemmer.net. Her kan ein også finne fleire bilete, fleire tekstar, kjelder og bakgrunnsstoff, samt lydfiler. Dei som har ein smarttelefon kan også få tilgong til mykje av denne ekstrainformasjonen gjennom mobilapplikasjonen Layar samtidig som ein går rundt og ser på utstillinga. Nettsida er utvikla av Mariell Øyre, som også står bak formgjevinga av plakatane. Ved å satse på digital formidling i tillegg til plakatutstillinga håper vi å nå ut til enno fleire med prosjektet. Vi håper også at nettsida kan leve vidare i fleire år og vere ein ressurs for skular og andre som jobbar med kvinnestemmeretten og kvinnehistorie i fylket.

På Flickr kan de sjå fleire bilete frå utstillingsopninga: www.flickr.com/kulturnettsfj.

 

Les om utstillingsopninga i Sogn Avis måndag 6. mai:

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.