Kven var Joachim de Knagenhjelm?

Joachim de Knagenhielm (1727–1796) (Frå Wikimedia Commons)
Joachim de Knagenhielm (1727–1796) (Frå Wikimedia Commons)

Joachim de Knagenhjelm var den som sørgja for at Nordre Bergenhus amt, seinare kjend som Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763. Han vart sjølv amtmann og budde på familiegarden på Kaupanger. Men kva meir veit vi om denne mannen?

Joachim de Knagenhjelm vart fødd i 1727. Foreldra, Hans Knagenhjelm og Catharina Elisabeth von der Lippe gifta seg i Bergen i 1722 og flytta til Kaupanger etter dette. Joachim var nest eldste son i ein søskenflokk på 12.

Joachim de Knagenhjelm studerte ved Bergens Kathedralskole fram til 1748 og flytta så til København. Han studerte jus ved universitetet og vart uteksaminert i 1757. Etter fleire småjobbar vart han i 1760 tilsett på stiftamtannen for Bergenhus sitt kontor. Som kjent var det gjennom denne stillinga Joachim fekk delt Bergenhus i to, oppretta Nordre Bergenhus amt og tilsett seg sjølv som ny amtmann. Dette kan de lese meir om i "Korleis vart fylket vårt eit fylke?".

Joachim fekk jobben han ville ha og kunne flytte heim til familigarden i ein alder av 36 år. Men han fekk ikkje løn. Joachim inngjekk nemleg ein avtale med stiftmann Cicignon i Bergenhus for å få han til å støtte delinga av amtet. Joachim måtte ventet til stiftamtmann Cicignos døydde før han kunne forhandle om løn. Men det rakk ikkje Joachim de Knagenhjelm, for allereie i 1771 vart han flytta til Nordlands amt. Grunnen til dette skal ha vore konflikter mellom rolla som amtmann og rolla som gods- og landeigar. Joachim budde i Nordland til han døydde i 1796.

Kjelder:

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.