Kven representerte fylket på Eidsvoll i 1814?

"Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814" Av Oscar Wergeland (1844–1910) (Frå Wikimedia Commons)
"Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814" av Oscar Wergeland (Frå Wikimedia)

I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova vart vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll. Prins Christian Fredrik, øvstkommanderande i Noreg, kalla inn til riksforsamling på Eidsvoll 17. mai 1814. Ein sorenskrivar, ein prest og ein gardbrukar representerte folk frå Nordre Bergenhus. 

Representantane var valde i dei ulike delane av landet, og til saman var det 112 representantar til stade på Eidsvoll i 1814. Desse vert ofte kalla Edsvollmenn. Nokre kom frå militæret, nokre frå handelsstanden og nokre representerte sine amt. I vårt fylke vart Eidsvollmennene valde 30. mars 1814 i Vik. 3 representantar vart valde for å representere Nordre Bergenhus amt:

Eidsvollmenn frå Nordre Bergenhus amt. (Wikimedia Commons)

I tillegg møtte to representantar frå militæret, Ole Elias Holck frå Lavik og Nils Loftesnes frå Sogndal.

Kjelder: Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet, Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.