Ved Førde Torg er mange samla for å sjå konsert under førdefestivalen

Foto: Arve Ullebø/Førdefestivalen

Næring og kultur: Saman er vi sterke

Kulturformidling og næring heng godt saman, skriv Jan Heggheim, fylkesdirektør for den nye nærings- og kulturavdelinga.

Arbeidsplassar er viktig, men det er sanneleg også livet utanfor arbeidsplassen. Dersom vi berre skulle bry oss om dei aktivitetane som kan reknast heim i eit rekneark, ville livet bli nokså tomt og grått. Effektivitet og produktivitet i næringslivet er avhengig av menneske med overskot. Det får dei av å vere i aktivitet, enten dette gjeld idrett og friluftsliv, korsong og korpsmusikk, bildande kunst eller dei synlege prova på at dei som gjekk føre oss var dyktige og iderike menneske. I februar gjekk eg rundt i ruinane etter Volubilis, ein romersk utpost  mot Mauretania. Slike stader er det lett å tenkje: Kor store investeringar gjorde dei i felles kulturuttrykk på den tida jamført med kva vi gjer i dag? Svaret har eg ikkje, men viljen til satsing var tydeleg då, og er faktisk også tydeleg i dag.

Fylkeskommunen er i endring. Elevtalet i vidaregåande skule går ned, inntektssystemet til fylka er endra. Begge deler gjer at inntektene er sterkt reduserte. Delvis som ein konsekvens av dette vedtok fylkestinget mot slutten av 2014 å redusere talet representantar frå 39 til 31. Samstundes vart utvala reduserte frå fire til tre. Eit år seinare vedtok fylkesrådmannen å endre avdelingsstrukturen slik at han er lik politisk utvalsstruktur: næringsavdelinga og kulturavdelinga vart nærings-  og kulturavdelinga. Det er ein viktig del av jobben til fylkesrådmannen å sørge for at den organisasjonen han leiar er tilfredsstillande organisert. Dei som har vore med ei stund, veit at dette ikkje er første gongen det blir omorganisert, , og i desse kommune- og regionreformtider,  heilt sikkert ikkje den siste.

I den tida vi er inne i, med dei krava som blir stilte til reduksjonar, kunne resultatet lett bli nærings- og kulturavdelingar som kvar for seg blir marginaliserte. Med ei samanslegen avdeling av to likestilte blir vi ikkje det, tvert om gir både fagleg breidde og budsjettstorleik ei avdeling med meir tyngde enn dei to avdelingane hadde hatt kvar for seg. Vi tek mål av oss å vere avdelinga for utviklingsarbeidet i fylkeskommunen.

I perioden 2013 til 2015 har kultursektoren ein nedgang i dei fylkeskommunale budsjetta med 2,7 millionar kroner. I same perioden er næringsarbeidet redusert med 26,2 millionar. Tek vi med at midlane til kompensasjon for differensiert arbeidsgjevaravgift i Flora, Førde og Sogndal også er kraftig reduserte i det siste, er nedgangen endå større. Reduksjonane på næring er rett og slett endringar i rammevilkåra, særleg frå statleg hald. Dette fortel at i ei vanskeleg tid har det vore vilje til å halde på kultursatsingane. Der er verken administrative eller politiske signal som tyder på at vi skal endre på det.

Eg er viss på at vi skal få til interessant samarbeid mellom til dømes musea og reiselivssatsinga, der begge kan ha stor nytte av samarbeid med den andre. Nokre av dei viktigaste reisemåla er festivalane, då særleg Førde, Gloppen og Eid. Kulturformidling og næring heng godt saman

Det er ikkje nokon grunn til å tru at arbeidet med dei reine næringsspørsmåla av typen havbruksforvaltning eller dei reine kultursakene som til dømes kulturminneforvaltning skal lide i ei samanslegen avdeling. Vi har store utfordringar, mellom anna med bygging av fellesmagasin for musea. Desse utfordringane blir ikkje gløymde i ei ny utviklingsavdeling.

Både ein tidlegare kulturdirektør, ein respektert forfattar og bildande kunstnarar har uttrykt uro og otte for korleis det skal gå med kultursatsinga i fylket i ei ny og samla kulturavdeling i fylkeskommunen. Det tek eg som eit teikn på ekte kjærleik til kultursektoren. Eg er van med at dei som kritiserer, bryr seg. På vegner av den tidlegare kulturavdelinga seier eg med eit smil: «Ryktene om min død er betydelig overdrevet». Dersom det skulle komme ein reduksjon i kultursatsinga, er det trass i, ikkje på grunn av, ei samanslåing med næringsavdelinga.

 

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

 

Kommentarer