Undredal ungdomshus i Undredal, Aurland kommune

Undredal ungdomshus i Undredal, Aurland kommune. Foto: Huset i Bygda

Liv og Lys i «Huset i Bygda»

Vi sit alle med våre minne frå «huset i bygda»; om lukta av kaffi som kila i naseborene, om matsalen som var dekka med fat med all verdas godbiter, om spenninga då hovudgevinsten skulle trekkast på den årlege basaren, om verdas vakraste juletre som stekte seg heilt opp i taket, om leik, dans og moro. Så følgde ungdomsåra med sitring i kroppen på vår første dans på lokalet, kanskje fekk vi vårt første kyss, eller eit møte som forandra livet vårt - nettopp her i «Huset i bygda».

Det er ingen tvil om at vårt «hus i bygda» - eit samlingslokale, ein møteplass, bygda si storstove har vore med å påvirke og prege oss til å bli dei personane vi er. Her har vi fått lærdom og erfaringar som vi tek med oss resten av livet. Så å seie alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane har «trakka rundt» i eit lokalt kulturbygg, og har minner og følelsar knytt til sitt «hus i bygda». 

Desse bygga føl oss gjennom heile livet, som ein generasjonsmøteplass og ein stad som samlar folket ved alle milepelane i livet. Barnedåp, aktivitetar for barn og unge, konfirmasjon, bryllaup, bursdagsfeiringar, og heilt til livets slutt ved minnesamvær.

Vårtun, Eid kommune.jpg

Ved alle høgtider er det liv og lys i «huset i bygda». Fastelaven, påske, 17.mai, jonsok, olsok, jul og nyttår er periodar då «husa i bygdene» syder av folk og stemning. Berre rundt julehøgtida er det eit vell av aktivitetar; Julemesse, juleverkstad, julekonsert, juletrefest, julebord, julebingo, romjulsdans og nyttårsball for å nemne nokon av dei spennande tilboda. 

«Huset i bygda» er ope for alle, er ein inkluderande møteplass for alle aldrar, og ikkje minst på tvers av generasjonar - «der du bur».

Dei mange tusen eldsjelene som har ansvar for desse lokale kulturbygga i Trivselsfylket gjer ein svært viktig jobb. Dei arbeider med å vedlikehalde og utvikle kulturbygga, til å skape gode møteplassar for deg og meg. Og ikkje minst bidreg dei med mange dugnadstimar for å skape  spennande aktivitetar, alt frå kulturaktivitetar til fysisk aktivitet. 

Desse bygga og eldsjelene bak er avgjerande brikker for positiv utvikling av lokalsamfunnet. Nettopp her skjer mangfaldige og meiningsfulle aktivitetar – for alle generasjonar. Slike bygg skapar gode lokalmiljø! 

 

Les meir om Huset i Bygda og kva dei driv med: 

Kommentarer

  • Basar og åresal på ungdomshuset

    Her på Leikanger var det alltid mange basarar og det ofte lotteri med åresal. For nokre år sidan bestemte vi oss for at dei yngre også burde få oppleve dette, og vi har arrangert gamaldags basar med julemesse, kafe og andre aktivitetar i ungdomshuset Leikvang. Det har vore veldig kjekt å sjå engasjementet til ungane (og ein del av oss litt eldre) når vi spinner det gamle tombolahjulet. Leikvang er eit flott gamalt hus med mykje liv i veggane! :)

    2016-02-05 15:23:14
    [Svar]