Scene frå Kinnaspelet.

Kinnaspelet. Foto Svein Erik Storkås (cc-by-sa) Svein Erik Storkås

Kan vi måle kultur?

Truleg ikkje. Men vi kan måle kulturinnsats. Vi kan faktisk få fram rimeleg gode data der kommunar og fylke kan samanliknast med kvarandre. 

På kulturkonferansen i Førde i mars fekk vi ein del slike data. Fleire skaut desse ned straks, og gjerne følgt av kommentarar, som: «Vi (i vår kommune) satsar på kvalitet, kultur kan ikkje målast i teljekantar». Men ordførar Gunnhild Berge Stang i Fjaler sa det nokså treffande etter at ein del einskilddata var presentert: «Det var vel ikkje nokon overraskingar her». Så kan vi kanskje få ein peikepinn ved å telje likevel?

Norsk kulturindeks blir utarbeidd av Telemarksforsking. Dei rangerer kunstnarar, kulturarbeidarar, museum, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskule, sentrale tildelingar og frivilligheit. Mellom fylka ligg Sogn og Fjordane på 11. plass. Fylket skårar høgt på konsertar, kulturskule, den kulturelle skulesekken (her er vi heilt på topp) og frivilligheit.

Kommunane har stor spreiing, med Gloppen på ein fjerdeplass i landet, noko som betyr at dei skårar rimeleg høgt i alle kategoriar. Dernest følgjer Førde (14), Sogndal (16) og Eid (41). Men 11 kommunar er på plass 300 eller dårlegare av dei 426 kommunane. Aller lågast kjem Selje og Naustdal, med plass høvesvis 370 og 413. Denne rangeringa avspeglar at det er ulike føresetnader: Kommunale utgifter til kultur, utdanningsnivå, om kommunen har høgskule, eit godt kulturhus, om besøksnæringane er sterke. For eigen del saknar eg her ei vurdering av geografisk storleik, topografi, om kommunen er spreiddbygd, noko eg er overtydd om har betydning for delar av kulturaktiviteten. På den andre sida: Det verkar ikkje som om innbyggartal har noko avgjerande tyding, sidan til dømes Balestrand har ei plassering som nr fem av kommunane i fylket, og nr 52 i landet.

Ut frå dei kriteria som var lista opp med tanke på føresetnader, er det mogleg å setje opp forventa resultat. Det viser seg at nokre kommunar skårar betydeleg høgare enn forventa, medan andre skårar svært mykje lågare enn det er lov å vente. Nokre utslag er svært så markante: Medan Luster ut frå føresetnadene skulle vere mellom dei 100 beste kommunane i landet, er dei nummer 297. Kvifor? Jølster er venta å vere plassert rundt 270. plass, men hamnar mellom dei 100 beste. Kvifor?

Ein kulturindeks gir ikkje heile sanninga. Men eg trur det er rett å seie at det gir ein peikepinn. Her har vi altså forsøkt å få fram eit bilete som er korrigert for kommunale budsjett og folkesamansetjing. Det blir for lettvint å blåse dette bort med «det er kvalitet som tel». Årevis med leiing av salsorganisasjonar fortel meg at kvalitet har ein nokså klar samanheng med kvantitet. Det du gjer mykje av, blir du god i. Er det oppsiktsvekkande?

Kommentarer