Bilete av hender og ein kaffikopp.

Møte over ein kopp kaffi. Foto Ed Gregory/stokpic.com CC0

Integrering og møteplassar

Eit sentralt tema i integreringsdebatten i dag er møtet mellom menneske og mellom kulturar. Kva skjer med den enkelte sin identitet og med samfunnet sin identitet i dette møtet? 

Bakteppet for dette tema er både den arbeidsinnvandringa vi kjenner og som har vart ei stund, og dei store folkevandringane vi ser i Europa i dag. Sogn og Fjordane er ein del av det som skjer i verda.

Kunst og kultur si rolle i den inkluderinga som skal finne stad i kjølvatnet av migrasjonen er viktig. Eg trur at kunsten og kulturen må vise veg om vi skal makte å utvikle samfunnet i ei meir human retning.

Vi må stå opp for dei verdiane som skal vere grunnpilarar i samfunnet og sjå verdiskapingspotensiale i dei ressursane som kjem til vårt samfunn. Vi må alle bidra til inkludering. Det handlar om å ta det første steget og gjere dei enkle tinga – eit smil, eit hei, ein kopp kaffi. Det handlar også om språk, og om korleis vi omtalar kvarandre og dei utfordringane vi står i.

Det startar der. Så er det hardt arbeid vidare. Mange har erfaring og må dele denne med andre.

Fylkeskommunen si rolle vil vere å legge til rette for møter mellom menneske og mellom kulturar. Vi var med å arrangere eit seminar om migrasjon, kunst og integrering i Florø i januar, og eit seminar med tittelen «Møteplass for inkludering» i Førde i oktober . Vi i fylkeskommunen vil gjerne bidra til at prosessar vert sett i gong, og bidra til å formidle erfaring. Vi har ingen fasit, men vi trur på møtet, og på det å ta det første steget.

I Norge og i Sogn og Fjordane har vi mange positive ressursar å spele på. Mitt ønskje er at vi alle tek eit steg på vegen til eit samfunn der inkludering er det naturlege, der vi tek imot, byr på oss sjølve, deler, tilpassar og skapar tilhøyre. Eg håpar vi kan sjå effekten av møteplassar og av kunst og kultur som ringar i vatnet.

Eg håpar og trur at du som bur her i fylket ser at du kan bidra – og at du vil bidra fordi du er ein viktig ressurs. Saman skal vi bidra til å utvikle Sogn og Fjordane og Norge der inkludering og openheit er idealet.

Kommentarer