gap 8svqrs 2

Hennebygda gredahus i Eid. Foto: Ingunn Nyheim/Huset i bygda

Huset i bygda – ditt lokale kulturhus

Kanskje er du ein av dei som har leika bak teaterscena, klatra i trappane, leikt gøymeleiken og forsøkt å skjule deg bak forhenget eller i bøttekottet, vore på ungdomsdiskotek og sett på (eller dansa med, for dei av oss som var tøffe nok) drøymejenta eller drøymeguten eller kanskje har du vore på julebasar og fantasert om den store gevinsten? 

Kronikken er skriven saman med Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Kronikken sto på trykk i Sogn Avis måndag 15.januar 2018. 

 

For nokon er dette gode minner frå barndommen og ulike arrangement og aktivitetar i ungdoms- eller grendahuset. Andre er framleis knytt til huset i bygda gjennom dans, teater eller andre former for organiserte aktivitetar. Andre kan vere knytte til huset gjennom styrearbeid eller dugnadsarbeid. Fellesnemnaren er den gode opplevinga av samhald, identitet, leik og aktivitetar og ikkje minst læring som huset i bygda står for.

Dei lokale kulturhusa har hatt sine opp- og nedturar, frå dei første husa vart bygd seint på 1800-talet, med eit oppsving i organisasjonslivet fram til 2. verdskrig. Etter verdskrigen stabiliserte talet på hus seg, før auka konkurranse frå andre aktivitetar, medverka til at mange hus mista noko av statusen sin som midtpunkt i bygda.

I desse tider er regjeringa er i ferd med å utarbeide ei ny kulturmelding, som skal forme den nasjonale kulturpolitikken, og vere premissleverandør for mykje av dei statlege kulturprioriteringane dei neste åra. Regjeringa si målsetning er at meldinga skal danne grunnlag for ein overordna politisk debatt om kulturpolitiske utfordringar i åra som kjem. Regjeringa er spesielt opptatt av kva vil vi at kulturlivet skal vere om 20 år. Kva moglegheiter og kva utfordringar finst? Og ikkje minst; korleis bør samfunnet møte desse utfordringane? Det som er sikkert, er at dei lokale kulturbygga, som er grunnsteinen i mykje av utøvinga av den lokale kvardagskulturen, er viktige brikker for å både forstå kulturlivet i Norge, men òg for korleis ein skal møte utfordringane som regjeringa peiker på i kulturmeldinga.

Det lokale huset i bygda har ein sterk posisjon som samlingspunkt  og som identitetsmarkør i mange bygder. Men vi må òg vedgå at folk stiller andre krav til fasilitetar, innhald og aktivitetar i forsamlingshusa våre i dag enn kva ein gjorde tidlegare. Dette kan sjølvsagt skape utfordringar, men òg nye moglegheiter for dei lokale kulturhusa.

 

Bilete av ungdomshuset Dæmring som ligg i Vågsøy

Kor mange hus som finst på landsbasis er det ingen som veit, men berre i Sogn og Fjordane er det omlag 400 forsamlingshus. Desse husa utgjer ein viktig ressurs, både for det lokale kulturlivet, men òg som arena for opplæring innan organisasjonslivet for born og ungdom.

Ei kulturmelding som ser mangfaldet, vil og vere ei vellukka melding. Regjeringa og Stortinget har no eit sjeldsynt høve til å vise at dei bryr seg om den lokale kvardagskulturen.

Som svar nokre av utfordringane, som regjeringa peiker på, starta Sogn og Fjordane Ungdomslag prosjektet Huset i bygda i 2010. Formålet er å hjelpe, støtte og inspirere organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Slik håper vi på å medverke til å skape synlegare, sterkare og relevante kulturbygg, med allsidige og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

Uavhengig av eigartilhøve og organisasjon, er utfordringane, moglegheitene og den lokale verdien av husa den same. Frå starten av var det difor viktig for Sogn og Fjordane Ungdomslag at alle formar for organisasjonseigde forsamlings- og kulturbygg vart femna av ordninga.

Gjennom Huset i bygda får lokale kulturbygg tilført verdifull kompetanse og hjelp i tema som husøkonomi, tips, idear og inspirasjon, rettleiing når det gjeld tilskot og ikkje minst skape samarbeid og nettverk mellom huseigarar, m.a. gjennom regionsamlingar. Samstundes skal huset i bygda gje rom for kritisk tenking. Det er viktig å verdsette at kultur- og kulturarbeid har eigenvekt. Å gje ungdomen fridom til å våge å uttrykke seg på sine eigne premissar, og å prøve nye uttrykksformer. Dette kan vere med på å auke mangfald og bulyst i bygdene.

Huset i bygda er òg i ferd med å kartlegge alle forsamlingshus i Sogn og Fjordane gjennom ein eigen husdatabase. Formålet med husdatabasen er å synleggjere omfang og variasjon av lokale kulturbygg, og ikkje minst gje husa ein marknadsføringskanal der til omverda. Oversikten over kartlagde hus er tilgjengeleg på Fylkesatlas, Sogn og Fjordane fylkeskommune si kartteneste, 

I 2016 inngjekk Sogn og Fjordane Ungdomslag, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeid om å utvikle ordninga med Huset i bygda vidare. Med felles målsetjing om bruk og utvikling av dei lokale kulturhusa, er eit slikt samarbeid eit naturleg steg. Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane Ungdomslag. Dette er eit viktig bidrag til å sikre basisfinansiering av denne tenesta, mellom anna ved å gjere det mogleg for Huset i bygda å gje gratis rådgjevingstenester.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har øyremerka midlar til lokale kulturbygg med søknadsfrist 15. april. Ordninga er særs populær og har sidan starten fått over 60 søknadar med total søknadsramme på  om lag 7,5 mill. Ordninga er òg ein god måte å synleggjere behova dei organisasjonseigde kulturbygga har for økonomiske tilskott til utbetring og utvikling av husa sine.

Målsetjinga bak samarbeidet er å auke fokuset på verdien desse husa har i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. På den måten kan du og eg bli enda betre til å drive husa våre. Resultatet er auka engasjement og trivsel i lokalsamfunna våre. Ordninga har òg vekt interesse utover Sogn og Fjordane. I Hordaland fekk ordninga midlar frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt frå 2013-2016, mens Møre og Romsdal starta opp med Huset i bygda i 2017.

Så kva med dine eigne erfaringar? Har du opplevingar eller tips du vil dele? Øen grendalag tok til dømes kontakt og fortalde om behov for hjelp med brannvern og brannsikring. Som respons på dette vil Huset i bygda arrangere samlingar i Sogn og Fjordane i 2018 med dette som tema, med dei lokale brann- og redningstenestene som føredragshaldarar.

Erfaringa som huset i bygda har samla over mange år, er fritt tilgjengeleg gjennom Huset i bygda. 

Kommentarer