b 3v 67xxnh 3

Gravhaugane på Myklebust Foto:Cecilie Marie Åshamar

Frå ord til handling

Å investere i kultur gjev store gevinstar, Ikkje minst i det å skape attraktive lokalsamfunn, men også det å gje oss identitet og rotfeste. Min visjon: Om eg ser inn i glaskula, så vil kulturarven om 20 år vere ein ressurs på lik linje som oljen, fisken og vasskrafta har vore til no.

Innlegget vart lagt fram som del av innspelsmøte til ny kulturmelding i Førde onsdag 17. januar 2018. 

 

Kulturarven er ein viktig del av kulturen vår, og vi må ta vare på og forvalte den på ein slik måte at vi og framtidige generasjonar får oppleve den og få kunnskap om det som har vore. Kulturminna er uerstattelege om dei går tapt, dei er ikkje ein fornybar ressurs. Men det er dette som er kulturarven vår, og med rett forvaltning og omtanke kan dei vere ein ressurs i samfunnsutviklinga.

Kulturlova har som føremål å fastleggja offentlege styresmakter sitt ansvar for å fremje og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Med kulturverksemd meiner ein i denne lova mellom anna å verne om, fremje innsikt i og vidareføre kulturarven.

Vi i Sogn og Fjordane har ikkje dei store prangande slott og katedralar som andre land kan vise fram. Våre kulturminne er knytt til det levde livet i bygdene våre, og enno har vi kulturlandskapet og husa som folk budde i, kulturmiljø med naust, båtar, støler, notheng med meir, kor dei utnytta vasskrafta (sager, møller, kraftstasjonar etc.) vertshusa, skulestovene, kyrkjene også vidare. Den immaterielle kulturarven må heller ikkje gløymast – songtradisjonar, dans, mat, ølbrygging, lagsarbeid og mykje meir. Ein båttur langs fjordane våre er ei reise i eit kulturminne. Landskap som viser at her har det vore og enno er slåttemark, husa som står der, kaien og båtstøen med naust. Ikkje alle har veg til gards, men alt i alt er dette vitne om levd liv langs fjordane våre. For turistar, og også dei fleste av oss, er dette ei heilt spesiell oppleving som har stor verdi og som er eit potensiale også i turistsamanheng.


bilete frå tur til Selje kloster

Men kulturlandskapet, kulturmiljøa og kulturminna er i fare. Attgroing tek over store kulturlandskapsområde, og klimaendringar og færre dyr i marka forandrar landskapet hurtig.

Gardsbruk forsvinn dagleg. Mange einbølte stader blir heilt fråflytta og etter kvart forsvinn spora etter levd liv der. Økonomi er også ofte ei stor utfordring for dei som eig verneverdige hus og andre bygningar.

Vi har også økonomiske interesser der kulturlandskap/kulturmiljø er taparen, ein vegtrase, ei kraftlinje, eit kjøpesenter, vindmøller også bortetter er oftast vinnaren i slike høve. Det skal mot til å stå imot når det blir synt til etableringar som kan gje nye arbeidsplassar, folkevekst og økonomisk utvikling.

Vi høyrer årvisst om verneverdige hus og kulturmiljø som forsvinn i brannar. Vi har hatt fleire slike triste hendingar i Sogn og Fjordane. Dette er uerstattelege verdiar. Brannar vil oppstå også i framtida, men skal vi ha noko att av dei verneverdige bygningane våre må det meir ressursar inn for å sikre desse gjennom betre brannvern. Dette er ein stor kostnad som storsamfunnet må ta. Det er store kostnader knytt til det å ta vare på eit verna eller freda bygg. Om vi meiner noko med at dette er viktig for samfunnet å ta vare på, så må vi sikre det betre. Det må ikkje berre vere i festtalene og i profilerings samanheng at vi ser verdien av kulturarven, det må syne igjen gjennom konkrete tiltak.

På oppdrag frå Riksantikvaren har Menon Economics analysert den samfunnsøkonomiske verdigen av kulturminner og kulturmiljø. Dei har mellom anna funne at det er:

  • betalingsvilje å bu i ein bustad som er verneverdig samanlikna med tilsvarande bustad som ikkje er verneverdig
  • høg betalingsvilje for å bu i eit kulturmiljø og for å bu i nærleiken av eit kulturmiljø
  • turisme som følgje av kulturminne, fører til positiv verdiskapings- og næringseffekt

Vi har dei siste åra fått større merksemd om verdien av kulturarven vår. Det har vore nasjonale forventningar at kommunane identifiserer viktige kulturminne og tek omsyn til desse planlegginga og nyttar desse som ressurs i samfunnsutviklinga.

Dette har vore ei viktig satsing for kulturarven vår, og dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane har no laga kulturminneplanar for å få oversyn over kulturminna og setje desse på dagsorden for å unngå ytterlegare tap av kulturminne. Kanskje kan vi også få regionale kulturarvplanar som ser samanhengar over kommunegrensene.

Det er flott med planar, men dei har ikkje stor verdi om dei ikkje blir følgt opp både gjennom anna planverk og gjennom den daglege forvaltninga. Her er det ei stor utfordring. Til dømes har plan - og bygningslova eit for svakt vern når det gjeld riving av bygningar som ikkje står innanfor kommuneplanar eller reguleringsplanar med omsynssoner for vern av kulturmiljø eller kulturminne. Då har dei faktisk betre vern om dei skal byggjast på eller gjerast endringar i.

Fylkeskommunen si kulturavdeling har fått ei viktig oppgåve i følgje opp dei nasjonale målsetjingane i kulturminnelova, men det er også viktig at anna lovverk føl opp med reglar og føresegner som gjer det mogleg å gjere konkrete grep for å ta vare på og sikre kulturarven.

Økonomisk verkemiddel kjem vi heller ikkje utanom. Ressursar både til forvaltninga som skal sjå til at planar og lover og reglar blir følgt opp, men også ressursar til viktige tiltak som brannsikring, restaurering, landskapspleie mm må til. Og ikkje minst, det må setjast ein verdi på kulturminnet – ein samfunnsøkonomisk verdi, som gjer at den kan måle seg opp mot andre samfunnsinteresser. Er eit bygg blitt freda, så har det nasjonal verdi. Det må derfor vere mogleg å treffe vedtak/gjere tiltak som går utover eigarinteressene for å forvalte/ivareta desse bygga.

Ei ny kulturmelding må omhandle denne viktige delen av kulturen. Kulturlova er tydeleg på dette, og kulturarven må få sin rettmessige del i kulturmeldinga!

Kommentarer