Bilete av tre personar.

"Fjols til fjells" skaper integrering

Kven skulle tru at gamle Leif Juster er med på å skape integrering i 2016! Men det skjer. Florø Filmklubb får det til. Gjennom hausten har filmklubben samla nordmenn og innvandrarar til filmkafé der ei rekke norske filmklassikarar har vore ein del av programmet og utgangspunktet for mange gode pratar. Ei suksesshistorie om gode møte mellom innvandrarar og norskingar.

Det filmklubben gjer, er å lage eit tilbod med så låg terskel som vi kan tenke oss: Ramma er eit intimt lokale der filmane blir køyrde på ein skjerm eller via kanon. Det er ein kafé, der det er enkel servering. Det er lagt opp til å prate om filmen og gjerne knytt opp til ei aktuell sak, og det er gratis. Lite stressande, hyggeleg ramme – ein plass der det er "ufarleg" å komme, og som ikkje er eit "innvandrartilbod", då er ein like langt, men der innvandrar er sikre på å treffe innfødde som det er enkelt å bli kjend med.

Dette kan vere første gongen mange innvandrarar møter nordmenn i ein slik setting. Det er ikkje fleire enn at ein blir kjend med nokon, som ein kan treffe på gata ein annan dag, møte i butikken, prate med på ein benk i parken.

Men kva då med ein så aparte film som "Fjols til fjells"? Det er ikkje akkurat Norge i dag. Den fungerte, den òg, seier folka i filmklubben og var utgangspunktet m.a. for å snakke om det å gå til fjells, der mange innvandrar nok kan undre seg over den norske tur-kulturen, og kan trenge litt tilvenning. Turlaget var sjølvsagt med. Kanskje nokon kunne bli med på ein tur på Brandsøyåsen ein dag? Veldig vellukka!

"Til ungdommen", Utøyafilmen, blei vist rett før valet og var eit godt utgangspunkt for å lære litt om politikken, der var òg politiske ungdomsorganisasjonar inviterte inn. Og når Flåklypa grand prix vart vist, mått dei flytte inn i kinosalen. Over 150 var med og mange ungar hadde si første kinooppleving. Ikkje kaféstemning denne gongen, men mingling og prat i foajeen. 6 slike møte hadde filmklubben i løpet av hausten.

Folka i filmklubben meiner at  alle lag har eit sosialt ansvar for integrering. Og då er ikkje vitsen å skape nye arenaer. Då blir det gjerne berre innvandrarar som møter kvarandre. Ein må bruke dei møteplassane og arrangementa som alt er der, invitere aktivt med og legge til rette for at det er enkelt å komme der. Kultur er eit godt utgangspunkt for fellesopplevingar. Og då er flott om det er lagt slik til rette at folk ikkje skundar seg heim etter kulturopplevinga, men gjev seg til å prate om det ein har opplevd. Brått blir ein kjend med kvarandre!

Forresten: Norsk Filminstitutt var med å støtta. Dette går an å kopiere.

 

Foto: Leif Juster, Unni Bernhoft og Lalla Carlsen på Edderkoppen teater 1959. Juster og Berhoft har dei to hovudrollene i filmen "Fjols til fjells" frå 1957. 

Les også: Integrering og møteplassar (Ingebjørg Erikstad, 12.02.2016)

Kommentarer