Kulturminna som ressurs i lokalsamfunnsutviklinga

Dei siste tiåra har det blitt større merksemd om korleis kulturminna kan takast i bruk i samfunnsutviklinga. Den fysiske kulturarven blir sett på som eit gode for befolkning, for næringsliv, for lokalsamfunn og for regionar.  Kulturminna har sin eigenverdi, men blir ofte verdivurderte ut i frå om dei er nyttige for oss i eit verdiskapingsperspektiv. Mange stiller seg kritiske til slike konkrete nyttevurderingar.  Eg deler ikkje denne skepsisen. Tvert imot trur eg det er eit langt større problem at vi har vanskeleg for å sjå det store verdiskapingspotensialet som ligg i det å ta vare på kulturminna. 

Dette er i så tilfelle ikkje noko nytt. På 1950-talet gjekk bergensarane i demonstrasjonstog for å få rive Bryggen.  I dag er Bryggen ein stor turistmagnet, står på verdsarvlista og er ein viktig del av den lokale identiteten. Frå å vere eit problem som ein ville kvitte seg med, er kulturminnet no blitt merkevare og stolheit for byen.

Kvifor er det så vanskeleg å få auge på desse verdiane?  Svaret er truleg samansett. Vi har behov for å fornye oss, er redde for store bevaringskostnader og vi er usikre på om det verkeleg kan ligge så store verdiar i kulturminna i vårt eige nærmiljø.

Ofte blir kulturminneforvaltninga møtt med utsegner som « Vi kan jo ikkje ta vare på alt». Det er riktig, og vi skal gjere val. Men vi må våge debattane om kva som er verdt å ta vare på. Den akselererande de-industrialiseringa vil etter kvart skape ein aukande kategori kulturminne i form av nedlagde industrilokalar og anlegg. Korleis møter vi dette?

I industrisamfunnet Odda går diskusjonen friskt om ein skal ta vare på kalkomnane på smelteverket. Dette kan bli avgjerande for om Odda vert vurdert som aktuell for innskriving på verdsarvlista. I fylket vårt er talkmølla i Framfjorden i Vik eit industrianlegg som står i fare for å bli rive.  Er dette kan hende den mest verdifulle ressursen bygdesamfunnet i Framfjorden har og som det er verdt å kjempe for å ta vare på og overlevere til komande generasjonar?  Kan industrianlegget få ny alternativ bruk og bli ein attraktiv stad for nye opplevingar?

Eit anna vanleg utsegn er at «Kulturminnet må kunne fjernast og som erstatning kan det settast opp eit skilt som fortel litt om kva som ein gong var her». Då må vi vere klar over at vi gjer eit bevisst val der vi ein gong for alle tar bort mogelegheiten for dei autentiske opplevingane kulturminnet byr på. Kva hadde Bryggen vore i dag om det berre stod eit skilt som fortalde kva som eingong var her.

I dag er ekte og autentiske opplevingar, der ein kan oppleve både kultur- og naturarv, blitt ein stadig meir etterpurt turistvare. Eit prosjekt med stort verdiskapingspotensiale finn vi på Filefjell. Under opprusting av ny E 16 har ein klart å ta vare på dei siste brotstykka av den gamle Kongevegen frå slutten av 1700-talet. I dag er etablering av ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang det som kan vise seg å bli dei to kommunane sitt største næringsutviklingsprosjekt i åra som kjem. 

Det flotte med kulturminna våre er at dei representerer verdiar som står seg over tid. Difor er det viktig å sjå dei som ressursar og mogelegheiter i staden for problem.

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.