Har folkebiblioteka ei framtid?
Kva rolle skal biblioteka ha? Korleis skal det fysiske biblioteket sjå ut - når bøkene vik plass for e-boka? Eller vert alt som før?
Mange av biblioteka i Sogn og Fjordane treng omstilling for å kunne møte desse utfordringane og framleis kunne tilby alle innbyggjarane gode bibliotektenester. Litteratur og informasjon er på veg til å bli digitalisert og elektroniske bøker kjem i staden for papirbøker. Det snakkast om filar og lisensar i staden for bøker.
Strategisk plan for bibliotekutvikling i fylket freistar å konkretisere desse utfordringane.
Ein av dei viktigaste oppgåvene vil ikkje minst handle om å styrkje og vidareutvikle biblioteka som ein offentleg møteplass for kultur- og kunnskapsformidling, tufta på demokrati og ytringsfridom. Biblioteka har eit samfunnsoppdrag i demokratiet gjennom å leggje til rette for offentlegheit og ved å gi fri tilgang til kultur og informasjon. Dette gjeld alle typar bibliotek.
Mange av folkebiblioteka i Sogn og Fjordane har behov for eit løft: både når det gjeld innhald, kvalitet på tenestene og å fornye kompetansen til dei tilsette (vi vert ikkje yngre).
I ei digital tid vil det vere nødvendig å skape sterke og meir robuste bibliotek, og partnarskap på tvers av samfunnssektorar. Folkebiblioteka må tilby noko som er attraktivt og som folk etterspør. Folkebibliotek som møtestad, kultur- og læringsarena i lokalsamfunnet er difor sentralt for utviklinga.
Ein vil jo at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal oppleve biblioteka som fleksible og relevante læringsarenaer og møteplassar når det gjeld utvikling av eigen kompetanse.
Skal biblioteka også vere ein kulturarena eller litteraturhus og arrangere konsertar, kurs og andre aktiviteter vil det krevje biblioteklokale som er tilpassa desse aktivitetane.
For at folkebiblioteka både skal vere ein digital tenesteformidlar og ein fysisk møtestad føreset det at kommunane tenkjer både samhandling og samlokalisering for aktivitetane og oppgåvene dei vil skal utførast på heile kulturfeltet. Folkebiblioteka må vere lett tilgjengelege der folk ferdast, og dei kan gjerne vere samlokalisert med kjøpesentra, kino, kulturskular, friviljugsentralar, sørviskontor, museum osb.. I Sogn og Fjordane har vi gode døme på kombinasjon folkebibliotek og skulebibliotek i vidaregåande skular samlokalisert med andre kulturarenaer. Slik som i Trivselshagen på Sandane og i Operaen på Nordfjordeid.
Om forfattaren



Kommentarar
En liten hilsen fra sørlandet :-) Gratulerer med ny fin blogg! Artig å følge med på hva som skjer i kulturlivet i andre fylker.
Skriv ny kommentar