Silje Holm Carlsen

Alder: 16 Kjem frå: Hafslo Engasjement for: mobbing, språk, politikk, etikk og dans Les meir på bloggen

Avhengig?

Er det mogleg for ungdom i dag å føre ein samtale utan å sjekke mobilen kvart tredje minutt? Utan at det oppstår kleine stillheiter og mobilen automatisk glir opp av lomma? 

Det er ganske irriterande, er det ikkje? Å være saman med vennene sine, men likevel ikkje. Så nære, men likevel så langt borte. Eg merker det i alle fall ofte. I friminutta på skulen sit alle med knekk i nakken og auga låst fast i kvar sin vesle, rektangulære, lysande skjerm. Det var slikt ein kunne sjå i science fiction-filmar for femten år sidan. Folk lo og sa at nei, tenk om verda hadde blitt så avhengig av internett og teknologi! Det skumle er at det er kvardagen vår no. 

Eg går ingen stad utan mobiltelefonen min. Det gjer ikkje broren, venninnene mine eller klassekameratane mine heller. Me er like avhengige, alle saman. Og viss nokon ikkje følgjer straumen og let mobilen liggje att heime, tenkjer ein at personen er usosial og utanfor. Men folkens? Det er omvendt! Det er me som er usosiale. Kvifor ser ingen det?

Mange føler ein stor trang til å leggje ut bilete på nett av kva dei gjer på. Heile tida. Og då meiner eg ikkje berre store augeblikk i livet som konfirmasjonar, bursdagar, bryllaup og liknande. Nei, ein skal leggje ut frukosten den dagen, at ein har vore på joggetur og sprunge fjorten komma fem kilometer og at ein ser film med typen på fredagskvelden og at det er skikkelig kos. Alt skal delast. Alt skal visast fram, alt skal skrytast av. Ikkje prøv å sei meg imot, det er berre å spørje kor mange i ein vidaregåandeklasse som har snapchat, instagram eller facebook. Eg lovar deg, minst åtti prosent har alle dei sosiale mediene eg nettopp nemde.

Ein gjennomsnittleg tenåring sjekkar mobilen godt over 200 gonger dagleg. Ein gjennomsnittleg tenåring bruker fleire veker på mobilen og pc-en sin i året. Sosiale medier. Ser kva dei andre driv på med. Blir sjalu, misunneleg. Føler seg dårlegare enn dei andre. Fleire veker i året som ein heller kunne brukt på å leve livet og ha det kjekt utan å tenkje over kva andre tenkjer og held på med.

Det er ubehageleg å tenkje på, men eg gjer det likevel, for eg vil bli bevisst. Eg vil ikkje at livet mitt skal renne vekk mellom fingrane mine. Eg vil gripe sjansane eg får med begge hender. Og no er nemleg begge hendene mine ledige, for mobilen ligg heime.

Kommentarer

  • kulturblogg

    detta var kjekk lesing, er ganske så lei av møte folk som er nødt til og svare på alle anrop. det er mulig og ringe tilbake i etterkant. har noko med høfligheit og gjere også meiner no eg då.

    2015-10-24 21:06:48
    [Svar]