Anbod

Sommaren 2017 vil heile kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane verte drifta etter anbodskonkurransar.

Fylkeskommunale bussruter

Drift av bussrutene i Nordfjord vart lyst ut på anbod i 2012. Firda Billag vann anbodskonkurransen, og dei tok over drifta i juni 2014.

Drift av bussrutene i Sunnfjord vart lyst ut på anbod vinteren 2014/2015. Firda Billag vann anbodskonkurransen og vil starte anbodskøyring i dette området juni 2016.

Bussrutene i Sogn vert lyst ut på anbod vinteren 2015/2016. Tildeling vil skje våren 2016, med oppstart våren 2017.

Kontraktane i Nordfjord og Sunnfjord har ei varigheit på åtte år med mogelegheit for forlenging med inntil to år.

Fylkesvegferjer

På vegne av fylkeskommunen gjennomfører Statens Vegvesen anbodskonkurransar på ferjesambanda på fylkesvegnettet. Fylkeskommunen teikna hausten 2015 kontrakt med reiarlaget Fjord1 på drift av desse sambanda ut 2025, med mogelegheit for å forlenging med inntil to år:

Måløy – Oldeide
Stårheim – Isane
Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella
Askvoll – Gjervik – Fure - Værlandet

Reiarlaget Wergeland driftar kabelferjesambandet Mjånes – Hisarøy. Kontrakten på dette sambandet går ut april 2023, med opsjon på forlenging med inntil fem år.

Sambandet Daløy – Haldorsneset skal på nytt lysast ut på anbod i 2016, med planlagt oppstart 1. januar 2019.

Fylkeskommunale båtruter

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennomført anbodskonkurransar på alle dei fylkeskommunale båtrutene.

Reiarlaget Norled skal i perioden fram til 2022 drifte ekspressbåtrutene mellom Sogn/Nordfjord og Bergen.

Fylkeskommunen har kontrakt med Fjord1 på å drifte dei lokale båtrutene fram til 2020, med opsjon på inntil to år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øystein Hunvik
Assisterande fylkesdirektør
oystein.hunvik@sfj.no
477 00 466

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no