Kurs i bruk av Askeladden

Askeladden er Riksantikvaren sin offisielle database over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Riksantikvaren kjem til Førde tysdag 16. januar, og vi tilbyr kurs og opplæring for kommunalt tilsette.

Som ein del av arbeidet med lokale kulturminneplanar skal kommunen legge inn kulturminnedata i Askeladden. Mange lurer på kva som skal inn i Askeladden og kven som har ansvar for dette. Kommunen har sjølv ansvar for at kulturminnedata frå politisk vedtekne kulturminneplanar, med andre ord dei kulturminna som kommunen har vurdert som viktige å ta vare på og som er prioritert i kulturminneplanen, vert lagt inn i denne databasen.

Arrangør: Sogn og Fjordane fylkeskommune
: Storehagen Atrium, Førde.
Tid: tirsdag 16. januar 12:30 - 15:00
https://sfj.pameldingssystem.no/kurs-i-bru...