Bilete av adventslys.

Foto: Advent av Liesel, Wikimedia Commons (cc-by-sa)

Adventstida – kvar vart den av?

Advent handlar om å venta på noko, sjå fram til noko, gleda seg til noko. Sjølvsagt burde det handla om familiekos og tid til kvarandre, men slik det har utvikla seg er det pengegaloppen som er i høgsete. Eg skulle gjerne ha sete her og sagt at eg er betre enn som så, men det er eg dessverre ikkje. Den siste helga i november hadde eg allereie skaffa halvparten av julegåvene til dei eg skulle gi til, og dei var ferdig innpakka og påskrivne.

Eg er sikker på at du og har brukt mykje pengar på julegåver, men det er jo så koseleg. Det eg tenkjer på når eg småspring rundt på kjøpesenteret på leit etter den perfekte gåva, er ikkje kor mykje det vil koste og kva elles eg kunne brukt pengane til. Det eg tenkjer på, er kor gøy det er å sjå ansiktet til dei du har kjøpt gåve til når dei opnar gåvene på julafta. Ein får så god julestemning når ein kjem til kjøpesenteret og ser alle dei fine produkta som blir reklamert for, og ein får eit høgare ynskje om å glede andre.

Tenk over kor mykje pengar du brukar. Er det verdt det å bruke så mykje pengar på noko som faktisk ikkje er nødvendig? Eg kjenner fleire som føler at jula er stress på grunn av gåvehandlinga, og eg føler det litt sjølv og. Jula skal jo ikkje handle om stress. Jula skal være koseleg og avslappande, ikkje stressande.

Jula vart jo bra sjølv om eg stressa mykje for å finne dei perfekte gåvene. Det gjekk jo bra, og eg trur alle vart glade for det eg hadde slite med å skaffe. Likevel var det faktisk ikkje julepakkane som stod i sentrum. Eg koste meg med førebuingar og pynting i heimen. Julegudstenesta var stemningsfull og fin sjølv for ein humanetikar, og pinnekjøt med familien var koseleig. Det fekk meg til å innsjå at eg ikkje treng å legge like mykje press på meg sjølv når neste jul kjem. Jula handlar ikkje om kor mykje pengar du har brukt på gåver, eller om du fann det perfekte, men om å kose seg og slappe av. Hugs på det no når neste jul er like rundt hjørnet!

 

Ingrid sin blogg: ingridaliheim.blogg.no

Kommentarer